Erling Braut Haaland vert løfta fram som eit forbilde for leselyst og er no kåra til årets bibliotekvenn i Rogaland.
Fotballstjerna får utmerkinga etter at han saman med faren Alfie Haaland donerte Mattis Størssøns utgåve av Snorre Sturlasons kongesagaer til heimkommunen Time.
Dette er Noregs dyraste bok, og den kostar heile 1,3 millionar kroner.
Boka skal bli stilt ut på Time bibliotek, slik at ho vert tilgjengeleg for publikum.
Haaland har også oppfordra til leseglede for barn og unge, gjennom sin eigen stiftelse EH9 Foundation.
Prisen blir delt ut av Norsk bibliotekforening Rogaland. Haaland kunne ikkje sjølv vere til stades under utdelinga på biblioteket i Stavanger.
Men far Alfie skriv dette i ein SMS til NRK, signert han og sonen Erling Braut Haaland:
– Erling er audmjuk og stolt for denne prisen. Han har stor respekt for jobben som lærarar i skulen og tilsette i biblioteka gjer for å fremja leselyst. Dette er lagarbeid, og dersom resultata skal bli betre må alle trekke same veg.
Dei held fram:
– Dette vesle bidraget frå han og stiftinga kan kanskje sette endå meir fokus på kor viktig det er å kunne lese skikkeleg. Heia biblioteka, skulen, forfattarar, elevar og lærarar. Saman blir vi gode.
Veslesøstrene tok imot prisen
Det var veslesøstrene som tok imot utmerkinga i Stavanger.
– Han er eit forbilde for mange. Om han viser interesse for noko, så kan andre få meir inspirasjon til å gjere det same, seier Sofie Haaland (14).
– Dette tenker eg er ganske bra, for eg trur ikkje det er så mange elevar som bryr seg så mykje om lesing på skulen, seier Norah Haaland (12).
– Men veit de om Erling les bøker sjølv?
– Eg tippar at han les litt ja, seier veslesøster Sofie.

Søstrene Norah og Sofie Haaland tok i mot prisen for storebror Erling Braut Haaland.
Foto: Fride Westvik / NRK
Haaland arrangerer lesekonkurranse
Donasjonen av boka er kopla saman med eit større leseløft der det er sett i gang ein lesekonkurranse for skuleelevar i Time kommune.
Vinnarklassane får ein heilt spesiell premie: Å sjå landskamp på Ullevaal stadion saman med Haaland sjølv.
– Ein har sett PISA-tala som kom no og problematikken kring lesing. Og det gjeld ikkje berre for norskfaget, men alle andre fag også, seier Trond Tveit, prosjektleiar for lesekonkurransen i Time kommune.
Sofie Haaland fortel at ho opplever at det er få på hennar alder som les bøker.
– Det går i telefonen heile tida, seier ho.
Takka tidlegare lærar
Ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund, er tidlegare lærar for Haaland. Han meiner fotballstjerna har vist at han verkeleg bryr seg om både heimkommunen og leselyst.
– At verdas beste fotballspelar engasjerer seg på denne måten, er ikkje sjølvsagt. Det gler meg verkeleg som ordførar, men aller mest fordi dette kjem barna og ungdommane våre til gode, seier Vollsund.

Erling Braut Haaland saman med ordførar i Time kommune, Andreas Vollsund (H).
Foto: Børre Lobekk
Publisert


