Brølet frå stadion høyrest heilt hit, men på parkeringsplassen utanfor Boganes sjukeheim er det ennå roleg.
Med gul refleksvest og bestemt blikk står Trond Helge Jøssang Olsen og Sara Helena Nielsen oppstilt ved innkøyringa.

Ein time før kamp begynner det å dukke opp bilar i gata.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Sjukeheimen ligg berre eit steinkast frå Viking stadion, og utanom kampdagar er dette ein parkeringsplass for pårørande og tilsette.
Men når Viking speler kamp, blir plassane fylt opp av fotballfans utan parkeringstillating.
Det har fått Jøssang Olsen og Nielsen til å ta på seg refleksvesten.

Tor Helge Jøssang Olsen fekk vite om problemet då mor hans var innlagd på sjukeheimen. Her saman med Sara Helena Nielsen, som han er trulova med.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
– For ei stund sidan hamna mor mi på den lindrande avdelinga ved Boganes. Då spurte eg om eg kunne parkere her, grunna eit skilt som var sett opp, fortel Jøssang Olsen.
– Eg fekk beskjed om at det ikkje var noko problem for meg, men at årsaka til skiltet var utfordringar med parkeringa under Viking-kampane.
Han ingen myndigheit til å nekte nokon
Når bilane kjem køyrande, stoppar Jøssang Olsen og Nielsen dei i innkøyringa. Dei har møtt opp to timar før kamp for å vakte inngangen til parkeringsplassen.
Jøssang Olsen fortel at folk stort sett køyrer forbi når dei ser vaktene.
– Og så er det dei som spør om det er lov å parkere her. Det er det sjølvsagt viss ein skal besøke nokon, men viss ikkje, seier vi høfleg nei.

Parkeringsvaktene blir møtt av ein tilsett ved sjukeheimen. Han var takknemleg for at det var ledig parkeringsplass.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
– Vi har ingen myndigheit til å nekte nokon, men vi presiserer kven plassen er for, forklarar han.
– Synest du det er ubehageleg å be folk snu?
– Nei, det går heilt fint. Dei er som regel smilande og hyggelege, seier Nielsen.
Når det nærmar seg kampstart, tetnar det til i gatene rundt stadion. Inne på sjukeheimen er dei tilsette svært glade for at vaktene står utanfor.
Risikerer at folk ikkje rekk å besøke døyande familiemedlem
Aldri før har interessa rundt Viking vore større. I fjor tok laget seriegull, og etter at dei nyleg kvalifiserte seg til Meisterligaen har folk strøymt til stadion i Jåttåvågen i Stavanger.

Publikum under ein eliteseriekamp mellom Viking og Sandefjord på Viking stadion.
Foto: NTB
Lege Eva Söderholm ved Boganes sjukeheim fortel likevel at parkeringsproblemet har vore der lenge, og at det gjeld ved alle kampar.
Ho understrekar at det ikkje berre er ei ulempe, men at det skapar farlege situasjonar.

Lege Eva Söderholm på parkeringsplassen på Boganes sjukeheim. Ein kan skimte Viking stadion i bakgrunnen.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Sjukeheimen har fleire langtidsavdelingar, i tillegg til ei lindrande avdeling med åtte plassar for alvorleg sjuke og døyande pasientar.
– Her veit vi jo ikkje når pasientane blir dårlegare. Når ein då ringer til ektefelle eller barn og seier at no er partnaren eller mora di akutt dårlegare, er det veldig belastande at det ikkje finst parkeringsplassar her, seier legen alvorleg, og legg til:
– Ein risikerer at folk ikkje rekk å besøke den som er kritisk sjuk, eller kanskje døyande, fordi nokon som skal på fotballkamp har tatt parkeringsplassen.
Aller farlegast er det når utrykkingskøyretøy blir hindra.

Sjukeheimen opplever at Viking-fansen parkerer på både ambulanse- og legeparkeringa.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Söderholm fortel at ambulanseinngangen fleire gonger har blitt parkert inne. Også hennar eigen, reserverte legeparkering blir ofte tatt.
– Viss eg har kome på ei utrykking og plassen min er tatt, har det hendt at eg rett og slett har parkert vedkommande inne, seier ho.
– Når dei er her, har vi ikkje noko problem
Söderholm har sjølv prøvd å ta opp kampen med supporterane utanom arbeidstida. Når folk parkerer, spør ho kven dei skal besøke.
– Då får eg ymse svar. Dei fleste skal jo på Viking-kampen. Når eg seier at dette er parkering for pårørande og tilsette, får eg ofte svar som ikkje er særleg høflege. Nokon køyrer vidare, men dei fleste parkerer berre og går ned på kampen.

Boganes sjukeheim har både ei lindrande avdeling for personar med kort venta levetid, og langtidsplassar.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Sjukeheimen har varsla Viking FK om problemstillinga, og klubben har informert over høgtalaranlegget på stadion om at det ikkje er lov å parkere ved sjukeheimen.
– Men det er jo ikkje Viking som er ansvarleg for kva kvar enkelt gjer, seier Söderholm.
Ho er veldig takknemleg for innsatsen til dei frivillige.
– Det er heilt fantastisk at pårørande, som ikkje lenger har sine eigne her, vel å bruke fritida si på å stille opp for oss. Når dei er her, har vi ikkje noko problem.

Lege Eva Söderholm kjem med kaffi og saft til parkeringsvaktene.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Ho har også ei oppmoding til Viking-fansen, som tenker på å parkere ved sjukeheimen.
– Skam dykk. Tenk om du sjølv hadde vore der. At du skulle besøke dine aller næraste, enten på langtidsplass eller på lindrande, og så er det ikkje parkeringsplass.
Trond Helge Jøssang Olsen mista nyleg mora si. Han er veldig takksam for hjelpa dei fekk på sjukeheimen på Boganes.
– Det er det vesle vi kan gjere for å vise kor mykje dei har betydd for oss, seier han.
Publisert


