
Redningshelikopteret plukka opp dei to personane etter at dei hadde vore nær ein halvtime i vatnet. Begge skal vere i tilsynelatande god form og skal ikkje ha bruk for legetilsyn, melder Politiet.
Naudetatane, redningshelikopter samt fleire båtar reiste ut etter melding om ein båt som dreiv mot land. To personar hoppa i sjøen med overlevingsdrakter.
Ifylgje politiet dreiv personane i sjøen rundt ein odde, vekk frå fyret og innover bukta.
Det var også personar på Ryvarden fyr som forsøkte å hjelpe dei to som var i sjøen.
Publisert
Oppdatert


