Det er berre fire personar som har skåra hat-trick mot Bayern München.
Ein av dei er ein tidlegare Bryne-spelar – men ikkje han du tenker på.

I 1981 blei Arne Larsen Økland verdskjent for episoden.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Året er 1981. Den tyske klubben Bayer Leverkusen møter serieleiar Bayern München i Bundesliga.
Bayer Leverkusen-spissen Arne Larsen Økland har allereie skåra hat-trick mot ein av Europas største klubbar.
Sjå Øklands tre mål mot Bayern München.
Men så kjem det eit nytt skot frå nordmannen. Ballen snik seg inn via eit hol på sida av nettveggen i målet.
Dommaren markerer for skåring, men Økland fortel dommaren kva som har skjedd, og får sitt eige mål annullert.
Den ærlege nordmannen skriv seg med det inn i tysk fotballhistorie, og Økland har for mange blitt sjølve bilde på «Fair Play» i fotballen.
Etter skåringa bad han om å få sitt eige mål annullert.
– Eg fekk vanvitig med fanbrev
Førtifem år etter blir episoden jamleg referert til i tyske medium. Økland sjølv hugsar godt kampen som gjorde han til rikskjendis i Tyskland.

Økland blir rekna som ein legende i Bundesliga.
Foto: Odd Rune Kyllinstad / NRK
– Eg fekk vanvitig med fanbrev. Det var skuleklassar som skreiv om dette, eg fekk rosande omtale i meinigheitsblad rundt om. Det var ikkje måte på.
– Kvar gong det skjer noko tilsvarande, så har Bild-Zeitung, lokaviser og liknande ofte ringt meg.

Økland spelte 54 landskampar for Noreg.
Foto: NTB scanpix
Bayern var då, som i dag, blant verdas aller beste lag.
– Viss du ikkje vinn serien, så får du sparken som trenar. Slik var det den gongen og.
Bayern kjem til Stavanger
På tysdag tar Viking tar imot det tyske storlaget til sin første heimekamp i Meisterligaen.
– Det blir mektig, men også kjekt å måle krefter mot dei aller, aller beste, seier Viking-trenar Morten Jensen.
Bayern München nedsabla Bodø/Glimt 5–0 i sin første kamp i Meisterligaen, og det ligg an til eit knallhardt oppgjer på Viking stadion.
– Har de sjanse?
– Nei, det trur eg ikkje, seier Viking-trenaren med glimt i auge.

Viking-kaptein Zlatko Tripic er
Foto: Carina Johansen / NTB
Representantar frå den tyske storklubben har alt besøkt Stavanger og Viking sin stadion to gonger i haust.
Harry Kane, Michael Olise og Manuel Neuer er blant stjernespelarane som kjem til Stavanger.
Ein som likevel har trua, er Viking-kaptein Zlatko Tripic.
– Men vi må ha ein maks dag, og så må Bayern ha ein litt svakare dag.
Skyhøge favorittar
Karrieren tok Økland vidare til Frankrike, før han returnerte til Noreg og Bryne der han tok cupgull i 1987.

Økland tok seriegull med Bryne i 1987.
Foto: NTB
Etter han la opp som spelar, hadde han ein kort karriere som Viking-trenar før han blei administrerande direktør i same klubb i 2012.
Han trur oppgjeret kan bli tøft for dei mørkeblå.
– På papiret så er jo Bayern München skyhøge favorittar. Men eg har blitt veldig imponert over dette Viking-laget.
– Men eg trur likevel ikkje at eg hadde sett hus og heim på ein Viking-siger. Men ein kan jo håpe.

– På papiret så er jo Bayern München skyhøge favorittar, seier Økland.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
72-åringen blir framleis kontakta jamleg av både norsk og utanlandsk presse. Kvar gong er spørsmålet det same, og NRK kan sjølvsagt ikkje vere noko dårlegare:
– Kva ville du gjort viss det stod 0-0?
– Det spørsmålet har eg fått veldig mange gonger. Då må eg heilt ærleg seie: Det veit eg ikkje.
Publisert


