Kjetil Særheim var nyleg ute med metallsøkaren sin i området rundt familiegarden på Klepp på Jæren.
– Det var her eg starta hobbyen min. For ti år sidan kjøpte eg min første metalldetektor, seier Kjetil Særheim.
Han har alltid drøymt om det heilt store, og no har det endeleg skjedd: Ein sjeldan gullgubbe dukka opp av jorda på Jæren.
Han kjenner kvar krik og krok av familiegarden, men likevel var det noko som drog han mot akkurat denne plassen.

Etter ti år med metallsøkar fann han det heilt store
Grafikk: Thomas Ystrøm / NRK
– Eg køyrde forbi, og eg kjente at her har eg noko uoppgjort. Det er noko som drar meg her.
Gjenstanden stammar truleg frå yngre jernalder, mellom 500 og 800 år etter Kristus.
– Eg hadde ikkje noko tru på at ein kunne finne gullgubbar med metalldetektor. Dei er så frykteleg små.
Dette er første gong på hundre år at det er funne ein gullgubbe i Rogaland. I Noreg er det berre gjort rundt 50 funn av dei sjeldne gullfigurane.
Stavanger Aftenblad omtalte saka i går.

Særheim frykta gullgubbane ville vere for små til å finne med metalldetektor.
Grafikk: Thomas Ystrøm / NRK
– Sensasjonelt
Ein «gullgubbe» er berre ein centimeter i utstrekning, og er laga i svært tynt gullmateriale. Dei har som regel eit motiv av eit menneske.
– Det er ofte eit par, altså ein mann og ei kvinne. Det er det vi kan sjå her på dette funnet, forklarar professor i arkeologi ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger, Sigmund Oehrl.

– Det finst rundt 4000 gullgubbar i Skandinavia, seier Oehrl.
Foto: Thomas Ystrøm Johnsen / NRK
Oehr seier at funnet som no er gjort på Jæren er svært spesielt.
– Det finst rundt 4000 gullgubbar. Dei finst berre i Skandinavia.
Forskarar veit ikkje sikkert kvifor desse funna er unike for Skandinavia.
Av totalt 3600 funn stammer dei fleste frå Danmark (særleg på Bornholm), medan Noreg har rundt 50 funn frå stader som Borg i Lofoten og Hauge på Jæren.
– Det er eit sjeldan funn. Det er noko verkeleg spesielt, seier Oehr.
Fann 16 gullgubbar i 1897
– Det er enormt stort å få inn ein gullgubbe. Det er jo heilt fantastisk, seier Kristin Armstrong-Oma, som er museumsdirektør på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.

Det er enormt stort, seier museumsdirektør Kristin Armstrong Oma.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
– Det er 130 sidan det har blitt gjort funn av gullgubbar i Rogaland, held ho fram.
Gullgubbar er hovudsakleg funne ved dei største maktsentera frå yngre jernalder.
Dei dukkar ofte opp i tilknyting til hallbygningar, og arkeologar meiner dei blei lagde ned som ledd i religiøse ritual.
– Vi trur at dei blei brukt i rituelle kontekstar, og at dei blei lagde ned som offer i desse hallbygningane, seier Oehr.
I 1897 blei heile 16 slike «gullgubbar» funne på Hauge i Klepp, ikkje så langt frå dette siste funnet.

I 2022 blei dei 16 eksemplara frå Rogaland vist fram på Arkeologisk museum i Stavanger.
Foto: Annette Græsli Øvrelid / Arkeologisk museum, UiS
– Det er noko veldig spesielt med Hauge. Det er ein viktig stad, med dei store gravhaugane frå jernalderen. Det er ein stad som er viktig politisk og kultisk, forklarar Oehrl.
Publisert


