Telefonen står ikkje stille. På e-post tikkar det inn. Full storm frå heile verda – ikkje råd å få fred, verken frå USA eller Asia. Midt på natta til og med.
Kva skjer i vesle Sauda?
Håvard Handeland (Ap) var berre 19 år då han vart ordførar i kommunen. Tidenes yngste her til lands. Det har vore nok å tenke på.
Han har skaffa ny kommunedirektør, og representert kommunen. «Learning by doing» i å vere ordførar. Forgjengaren la nøklane på bordet og sa lukke til.
Men no har ei stor nyheit nådd globalt: Sauda har ledig tomt, og veldig mykje ledig straum.
– Det er som å slenge eit ferskt kjøttstykke ut på savannen, seier 22-åringen.
Datasenterbransjen har funne fram e-post og mobilnummer. Verda skal bruke KI, og Sauda sit på datakrafta.
Grafikk: NRK
Kva vil Håvard Handeland gjere no? Kva skal Noreg gjere no?
– Dette er eit klondyke. Dette er ute av kontroll, seier Handeland
I dag busker, kratt og sauebeite. I framtida kanskje verdt mange hundre millionar kroner. Foto: Erik Waage / NRK
Datasenter-boom
KI-bransjen er allereie godt i gang – ute i Europa.
No er blikket retta mot Norden, og oss i Noreg.
Dei blå prikkane er datasentera som finst i dag – dei raude prikkane er dei bransjen vil bygge, viser NRK si kartlegging.
🔵Blå viser alle datasenter som er etablert fram til 2026 🔴Rød viser sentre som kan komme.
Bransjen likar godt stadar med lite folk, mykje plass, og mykje straum.
Utbyggingane er allereie godt i gang, over heile landet.
Det er eit kappløp om tilgang på straum, og ledige tomter.
Det er her Sauda kjem inn. Her finst begge deler.
Kva skal Håvard gjere no?
Rett frå russedressen til å møte industrien, men Handeland er trass alt ein «gamlisungdom»
– Sauda utan elektrisk kraft er som eit menneske utan lunger, seier han bestemt.
Nede ved fjorden ligg smelteverket. Fabrikken som lagar ferromangan av norsk straum.
Eramet i Sauda har dei største metallomnane i Europa. Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Før fabrikken kom var Sauda ein avkrok, lengst inne i ein fjord i Rogaland. På det meste jobba her 1300 arbeidarar, i dag knapt 200.
Handeland fortel gjerne om elvar som vart lagt i rør, arbeidarkulturen og «Sinsenkrysset for det norske straumnettet».
No er fabrikken bekymra, og vil snakke. Då er også Sauda bekymra.
Ordføraren får forklaring, men kan det meste frå før. Foto: Erik Waage / NRK
Smelteverket sin viktigaste avtale om rimeleg straum varer i fire år til. Etter det trengst det nye kontraktar.
Kven vil selje billig, når andre vil betale mykje meir?
Smelteverket driv med viktige ting. Europa treng sterkt stål, for eksempel til våpen. Det er krig på kontinentet.
Tillitsvalt Joachim Andersen synest behovet for straum til KI «verkar umetteleg».
– Dette kjem berre til å eskalere. Vi må begynne i dag med å sette foten ned, få dette regulert før utviklinga spring frå oss, seier Andersen.
Tillitsvalt Joachim Andersen ved Eramet Sauda. Foto: Erik Waage / NRK
Kan vår skjermbruk ta knekken på 100 år med industri i Sauda?
– Krafta som datasentera jaktar på tilsvarar mange titals smelteverk, kanskje til og med 100 smelteverk, seier kommunikasjonssjef Kåre Bjarte Bjelland.
– Vi er redd for at det går utover oss.
Kåre Bjarte Bjelland ser ut på dei svære hallane til smelteverket. Foto: Erik Waage / NRK
Men om Sauda takkar nei til datasenter finst det andre som garantert takkar ja.
Datasenter er nye jobbar i lokalsamfunnet. Det er kanskje dumt å takke nei.
– Vi vil jo ha arbeidsplassar og utvikling, men vi i Noreg må vite kva vi gjer og forstå konesekvensane, seier Bjelland
For kva er den store norske planen?
Ein mann med ein plan
I skogholtet bak kan datasenteret komme. Til høgre er eit av landets største vegkryss for kraft. Foto: Erik Waage / NRK
Håvard Handeland veit at kjøparane av tomta har hastverk. Men ordføraren har ikkje tenkt å stresse.Dresskledde folk har stått på trappa til rådhuset. Fortalt han at dei kan bygge i morgon, om dei berre får tomta.
Det var berre litt for tidleg å svare på akkurat kva dei skulle starte med.
– Då blir eg skeptisk, seier Handeland tørt.
Tomta skal ikkje seljast billig. Når staten manglar reglar, får kommunen lage regelverket sjølv.
Planen er fortalt til lokalavisa, og Stavanger Aftenblad. I går fekk han sjølvaste «Åpenhetsprisen» for måten kommunen har handtert datasentersaka på.
Ung mann i svolten kropp må ha mat. På butikken får han skryt. Vedtaket i kommunestyret var heilt einstemmig.
Berta Marie Espevik må bort til ordføraren og skryte litt. Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
No skal Sauda køyre audition. Kommunestyret er juryen.
Dette er regelverket Håvard Handeland saknar:
Strengare krav for å få straum: I dag er det fyrstemann til mølla for dei som stiller seg i køen, og det er gratis. Handeland meiner dei som skaper viktige samfunnsverdiar og trygge arbeidsplassar, må sleppe fram først.
Krav om å vise korta: Utbyggjarar må svare ærleg på kven dei er, kven eigarane og kundane deira er, og kva nytte lokalsamfunnet eigentleg har av prosjektet.
Ein nasjonal plan: Staten må bestemme kva Noreg treng, og krevje at datasentera styrkjer norsk beredskap, forsking og kontroll over eigne data.
Offentleg eigarskap: Det offentlege bør vurdere å eige delar av datasentera sjølve. Slik som annan samfunnskritisk infrastruktur.
KI på catwalken
Han har sendt ut spørsmålsskjema til selskapa som tok kontakt: Kva er eigentleg planen?
Korleis vil dei bidra til lokalsamfunnet? Kor mykje straum går med? Kor mykje plass treng dei? Kva med arbeidsplassar?
Og ikkje minst: Kven er eigarane? Kva med kundane?
Håvard Handeland helsar ein flokk sauer velkomen inn på tomta. Foto: Erik Waage / NRK
Ti selskap svarte aldri tilbake, elleve har presentert seg. No skal kommunestyret velje ut dei flottaste kandidatane.
Berre dei verdige skal få by på tomta. Dei som pungar ut mest får den. Planen er forankra hos ekspertar og juristar.
– Useriøse profittjegerar blir tatt ut, ingen skal berre vidareselje tomta utan at kommunen får sin del av gevinsten, seier Handeland.
Men obs: Kommunen skal fyrst bestemme seg for om dei i det heile tatt vil ha eit datasenter.
Sauda: Ein gong budde her over 6000 menneske, i dag er folketalet 4600. Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK
Den vaksne i rommet?
Handeland synest det er feil at ei kommune åleine må ta ansvaret for kva eit datasenter skal drive med.
Det er staten som deler ut retten til å kople seg til det norske straumnettet. Men staten prioriterer ikkje mellom kven som skal få.
Han meiner Noreg ikkje er kravstore nok. At vi deler ut dyrebar straum utan mange nok kritiske spørsmål.
– Marknaden kan ikkje styre dette åleine. Datakraft, kunstig intelligens, er kanskje vår tids viktigaste infrastruktur, seier Handeland.– Hadde du trudd for 10 år sidan at denne tomta skulle bli så mykje verdt?– Nei, det er klart for 10 år sidan…. …
Så byrjar han å le.– Ærleg talt. Då var eg 12 år og drøymde om å få mobiltelefon.
Slik har vi laga kartet
Det finst inga samla oversikt over norske datasenter. For å lage dette kartet har vi henta opplysningar frå fleire kjelder:
Nkom, Statnett og Datacentermap fortel om datasenter som allereie er bygde, medan Statnett og Datacentermap også har informasjon om datasenter som kan bli bygde. Dette er prosjekt som har reservert straum, eller som står i straumkø. NRK har vore i kontakt med, eller forsøkt å kontakte, alle selskap som står på desse listene.
Kartet er meint som ei grov oversikt og kan ha manglar.
Publisert


