Sagaen om den etter kvart mykje omtalte familiehytta til kunnskapsministeren i landet har rulla og gått i eitt år no:
I fjor haust fekk Kari Nessa Nordtun og ektemannen lov til å rive eit anneks og byggje ei ny hytte på 130 kvadratmeter i strandsona i Farsund.
Men Statsforvaltaren i Agder oppheva Farsund kommune sitt vedtak og stansa dermed hytteplanane.
Frp ber regjeringa få opp farta og avklare saka rundt Nordtun si familiehytte. Foto: Truls Skram Lerø / NRK
Saka var likevel ikkje over med det. For i vår tok Stortinget saka i eigne hender og bestemde at Statsforvaltarens vedtak må gjerast om.
Det skjedde etter at opposisjonspartia Høgre og Framstegspartiet engasjerte seg.
– Kvifor denne iveren etter å redde hytteprosjektet til statsråd Kari Nessa Nordtun?
– Vi skil ikkje mellom partitilhøyrsle på folk vi hjelper i arealpolitikken, seier Helge André Njåstad i Frp til NRK.
– Her er det systemet vi vil til livs. Det at statsforvaltarane gjer om lovlege vedtak folk har innretta seg etter, er ein uting.
Kari Nessa Nordtun ønskjer ikkje å kommentere saka.
Ein illustrasjon av hytteprosjektet til Nordtun-familien i Farsund kommune i Agder. Foto: Erik Tveit sivilarkitekt AS
Sakene i strandsona på Sørlandet
- Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk i 2025 byggje i strandsona i Farsund.
- Det skjedde ved at kommunen gav ein dispensasjon.
- Statsforvaltaren i Agder gjekk deretter gjennom 178 liknande saker. Dei fann feil og manglar i 80 prosent av sakene.
- Statsforvaltaren peikte seg ut sju saker som dei såg på som ekstra alvorlege. Dei varsla at dei kunne kome til å oppheve vedtaka som kommunane hadde fatta.
- Fleire politikarar reagerte og i april i år foreslo Høgre at Stortinget skulle stanse Statsforvaltaren i dette arbeidet.
- Før saka var ferdig behandla i Stortinget, hadde Statsforvaltaren rukke å oppheve fire vedtak.
- Dette har gått utover privatpersonar som allereie var i gang med arbeidet. Statsforvaltaren har oppheva fem vedtak, inkludert saka med Nessa Nordtun.
(Kjelde: NRK)
«Det er ikkje noko nytt»
No ligg saka på bordet til kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap). Det er han som skal sørgje for å følgje opp Stortinget sitt vedtak.
Men snart eit halvt år etter vedtaket på Stortinget har ingenting skjedd.
Allereie før sommaren stilte Njåstad eit skriftleg spørsmål til Skjæran om korleis han har tenkt å følgje opp Stortinget sitt vedtak.
Statsråd Bjørnar Skjæran skal no finne ut korleis han skal følgje opp Stortinget sitt vedtak. Foto: Torbjørn Brovold / NRK
Svaret han fekk var at kommunalministeren var «i gang med å greie ut moglegheitene for å følgje opp Stortinget sitt vedtak».
NRK har fleire gonger i haust spurt departementet om korleis saka blir følgd opp.
– Det er ikkje noko nytt i denne saka, var den korte beskjeden frå Kommunikasjonsavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet sist veke.
No etterlyser Njåstad handling.
– Dette er altfor treg behandling. Det går ikkje an av staten å lovfeste tidsfristar for kommunane og samtidig bruke vinter og vår på eigne saker, seier han til NRK.
Frp sin stortingspolitikar Helge André Njåstad ber kommunalministeren følgje opp Stortingets vedtak. Foto: Oskar Rennedal / NRK
Frp-toppen ber Skjæran skjere gjennom.
– Stortinget sitt fleirtal er tydeleg, så oppdraget har han fått. Plan- og byggjesaker har vorte eit mareritt for vanlege folk. Det trengst ei storrydding innanfor dette feltet før landet blir totalt overbyråkratisert og ingenting skjer.
Lova «rask» vurdering
Spørsmålet er kva moglegheit regjeringa har for å instruere statsforvaltaren på den måten Stortinget ønskjer.
Skjæran kalla i sommar vurderingane krevjande.
– Eg anerkjenner engasjementet som er rundt dette, sa han til NRK i juni. Samtidig lova han ei «rask vurdering».
– No vil eg gjere ei rask vurdering av korleis eg kan følgje opp dette vedtaket på ein måte som er innanfor det handlingsrommet som lovverket gir oss, sa Skjæran.
– Men for meg er det veldig spesielt at Stortinget går inn og tek enkeltavgjerder som ligg til forvaltninga. Det er oppgåva til forvaltninga å følgje opp dei lovene som Stortinget har vedteke, sa han.
Publisert


