– Det kan begynne veldig uskyldig. Det kan begynne på TikTok med enkle videoar. Så treffer ein på ekstremistisk innhald, og blir trekt lenger inn i det, seier Caroline Iwarsson, seniorrådgjevar i kontraterroravdelinga i PST.
I si ferske terrortrusselvurdering oppjusterer PST faren for terrorforsøk i Noreg i 2027 frå «mogleg» til «sannsynleg».

Caroline Iwarsson er seniorrådgjevar i kontraterroravdelinga i PST.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Samtidig peikar tryggingstenesta på ei ny urovekkande utvikling i digitale miljø der mindreårige blir trekte inn i det PST omtaler som «nihilistisk ekstremisme».
Dette er ekstremisme som går føre seg i det dei kallar «ekstremt valdelege nettsamfunn». Aktørane har som mål å øydeleggje samfunnsstrukturar og spreie vald og kaos.
– Vi ser at radikalisering kan skje ganske raskt, seier Iwarsson i PST.
102 straffesaker i Noreg
PST sitt mandat omfattar berre ein mindre, avgrensa del av dei ekstreme valdelege nettsamfunna, der aktiviteten kan knytast til ansvaret deira for å førebyggje større valdelege oppdrag.
Kripos handterer fleire av sakene knytt til dei valdelege nettsamfunna.
For barn og unge som blir trekte inn i desse miljøa, kan konsekvensane vere alt frå alvorlege seksuelle overgrep og vald.
– Det handlar ikkje berre om det seksuelle, men om å presse ut, «groome» og få barn til ikkje berre å gjennomføre seksuelle handlingar mot seg sjølv, men også til å skade seg sjølv – så langt at fleire gjer seg skuldig i sjølvdrap. Det er det dette handlar om, seier Salazar i Kripos.

Fredy Salazar i Kripos.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Kripos fryktar også at ungdom skal gjere seg skuldig i større valdelege oppdrag.
Totalt er det no oppretta 102 straffesaker i Noreg med koplingar til ekstreme valdelege nettsamfunn.
– Vi ser at frå 2022 til 2024 så var det marginal auke, men i 2025 var det betydeleg auke. Då blei det oppretta nærmare 27 saker i Noreg, medan så langt i 2026 er det blitt oppretta 66 saker.
Gjennomsnittsalder på fornærma er 14 år
Både dei fornærma og gjerningspersonane er ofte mindreårige. Gjennomsnittsalderen er berre 14 år for dei fornærma og 16 år for gjerningspersonane.

Kripos peiker på ei særleg auke det siste året.
Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK
– Det er ulik motivasjon, men det eine er å skape ein tilhøyrsel til gruppa ved å publisere og få auka popularitet. Det andre er å normalisere valden. Du får status gjennom å vere den verste, seier Fredy Salazar i Kripos.
Radikaliseringa skjer på tvers av landegrenser.
– Vi har sett at desse samfunna ikkje er delte i land. Dette er eit globalt fenomen, seier Salazar.
– Norske barn og unge er i dei same gruppene. Arbeidsspråket er på engelsk, held han fram.
Nokre grupper er særleg utsett
Det må vere ein vekkar når barn blir veldig fokusert på valdshandlingar, eller får fascinasjon eller identifiserer seg med aktørar innan massedrap, meiner Kripos.
– Då må vi ta kontakt slik at vi kan igangsette tiltak, seier Salazar.

Iwarsson tale på Justisdepartementets nasjonale konferanse motradikalisering og valdeleg ekstremisme.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Iwarsson i PST seier at mykje av det ekstremistiske innhaldet er ope tilgjengeleg på nett. Ho seier det er nokre grupper som er særleg sårbare.
– Det er fleire sårbarheitsfaktorar som psykisk uhelse, utanforskap, isolasjon, dårleg skulefunksjon og andre ting som også kan gjere ein person ytterlegare sårbar for påverknad, og det er også radikalisering.
– Meld frå til PST eller til politiet viss du er uroa, så er det profesjonelle aktørar der som kan vurdere den bekymringa, seier Iwarsson.
Publisert
Oppdatert


