
– Politiet har gjennomført avhøyr av bussjåføren, vitneavhøyr, og dessutan kriminaltekniske undersøkingar. Vi har også gått gjennom videoovervaking som er med på å belyse hendingsgangen, seier politiadvokat Linn Bakken Bertelsen.
– Det som er avdekt gjennom etterforskinga så langt, blant anna gjennom videoovervaking frå den aktuelle bussen, har ikkje styrkt mistanken mot bussjåføren, fortset ho.
Har undersøkt ulykkesstaden
Kriminalteknikarar har undersøkt både ulykkesstaden og bussen som var involvert i ulykka. Undersøkingane inngår i den vidare etterforskinga av saka.
– Vi ønsker ikkje å gå nærare inn på det politiet meiner er hendingsgangen og kva som har komme fram av opplysningar i den etterforskinga om er gjennomført til nå. Det er framleis etterforsking som står att, legg Bakken Bertelsen til.
Bussjåføren, ein mann i 60-åra, er sikta for brot på vegtrafikkloven paragraf 3.
Førarkortet hans er framleis beslaglagt, og politiet vil ta ei fortløpande vurdering på om det er grunnlag for å halde oppe beslag av førarkort.
Publisert
Oppdatert


