Alle skal hekle i sommar!
Det betyr alle mann til garnspinnarane hos produsent Sandnes Garn, som leverer garn til heile landet.
Etter enorm etterspørsel dei siste dagane er dei i gang med ekstra produksjon på 800 kilo garn.

Det spinn litt ekstra hos Sandnes Garn for tida for at VM-glade nordmenn skal få hekla bøttehattane sine.
Foto: Borghild / NRK
– Det har vore utseld overalt, ja. Heldigvis produserer me i Noreg, seier Eva Ølberg, salssjef Skandinavia og Finland hos Sandnes Garn.
Det gjør at dei raskt kunne starte ekstra produksjon av meir garn, seier ho vidare.
Det er særleg fargane raudt, kvitt og blått som er populære, noko som ikkje overraskande heng saman med fotball-VM og bøttehatt-trenden.
– Me har prioritert dette framføre andre ting, slik at me kan vere leveringsdyktige, seier Ølberg.
Og det er ikkje lite garn som nå er i produksjon.
16.000 garnnøster
– Me har restordre frå stort sett alle butikkar i Noreg, men me snur oss rundt så me kan klare å levere garn før ferien, seier Ølberg, og forklarar at restordre er bestillingar dei ikkje har kunne levert grunna mangel på lageret.

Bøttehatt-trenden har visstnok teken heilt av. Garnet til å lage dei populære hattane er utseld i nesten heile landet.
Foto: Krister Sørbø / NRK
Idet dei merka at bestillingane frå butikkane rant inn, sette dei raskt i gang ekstra produksjon på 800 kilo garn i flaggets tre fargar.
– Eit nøste er 50 gram, og i eit kilo garn er det 20 nøster. Så då er det berre å rekne ut, smiler Ølberg.
Reknestykket viser at 800 kg garn tilsvarar 16.000 nøster.

Dei som jobbar med produksjon av garn for Sandnes Garn, seier at etterspørselen etter raudt, kvitt og blått er enorm.
Foto: Borghild / NRK
Hattedilla
Emma Haave Stensland er ei av dei som har kasta seg over trenden og heklar bøttehatt.
– Det var veslesystera mi på åtte år som veldig gjerne ville ha bøttehatt, seier ho mens ho held oppe bøttehatten som begynner å ta form.

På hatten til veslesystera til Emma står det «Ajer» for Kristoffer Ajer, som er midtstoppar på det norske landslaget.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK
Stensland er ei av dei som har fått tak i rett farge til hatten, og ho fortel ho var ekstra glad for jobben sin som marknadsførar på Sandnes Garn idet det heldt på å bli tomt.
– Det var flaks, ja. Eg var kjapt nede i butikken, seier ho nøgd.
– Me gjer vårt beste
Inne på produksjonen hos Sandnes Garn går alle maskiner i fullt køyr.
Det raude garnet vart nettopp køyrt vidare mens det kvite held på å bli produsert.

Garnprodusenten lagar 16.000 ekstra nøster.
Foto: Borghild / NRK
– Me prøver å få alle fargane inn på lager nå så det kan sendast ut så fort som mogleg, seier Agnija Beloziorova, som jobbar i produksjonen.
Ho ser også den enorme etterspørselen etter garn, og særleg i raudt, kvitt og blått.
– Me gjer vårt beste, seier ho mens ho sjekkar at det kvite garnnøstet er klart til pakking og sendast vidare.
Alt for Noreg
Tysdag klokka 19 skal Noreg møte Elfenbeinskysten i 16.-delsfinalen i VM.
Vinn dei kampen, er det duka for ny kamp mot Brasil på sundag 5. juli.
Og kva om Noreg vinn og hattedilla held fram?
– Då får me håpe at me merker det raskt, og at produksjonen kan snu seg rundt, seier Ølberg.

Det er særleg garnet «mandarin petit» som blir brukt til bøttehattane.
Foto: Borghild / NRK
Ho fortel at det er den raude fargen det går mest av. Så dersom det skulle bli tomt att, er det den dei vil prioritera først.
Men produksjonen er i alle fall i full gang.
Publisert


