– Ambisjonen er å spele VM-kampar for Noreg. Eg legg ikkje skjul på det, eg gjer mitt for å oppnå den draumen, seier ein sjølvsikker Selvik til NRK.
Men lenge var det faktisk usikkert om det i det heile var mogleg med VM for den formsterke sisteskansen.
«Da blir det ikkje noko VM»
I november, da Selvik melde forfall til landslagstroppen med ein skulderskade, starta eit medisinsk drama som etter kvart ville sette han i ein nokså umogleg situasjon.
Selvik tok MR-bilde og Watford konsulterte straks fleire spesialistar som alle sa det same: Skaden var alvorleg og burde opererast.

I STORFORM: Egil Selvik har blitt sjølvskriven i landslagstroppen etter gode prestasjonar over lang tid.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Men Selvik sjølv hadde ikkje same kjensle, han meinte skuldra og symptoma kjentest betre ut enn bilda skulle tilseie.
Det heile førte til at legane, kirurgen, klubben og Selvik sjølv måtte bli einige om eit val:
Operere eller ikkje.
Og plutseleg stod han ovanfor eit veldig dilemma.
Ved operasjon var prognosane at han ville miste over eit halvt år med fotball.
«Om du vel å operere, da blir det ikkje noko VM» minnest Selvik at han fekk beskjed om.
Kven bør stå i mål for Noreg i VM?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Han hugsar det var ei knalltøff vurdering der argumenta blei sette opp mot kvarandre. Kva var det rette valet, både for den langvarige helsa og kroppen hans, men også for VM-sjansane?
– Da hadde eg ikkje sete her
Han valde etter mykje tankeverksemd å stole på eiga magekjensle.
Operasjonen blei skrinlagd, og han la ein plan saman med klubben om å trene seg opp igjen utan å legge seg under kniven.

KVEN STÅR: Ørjan Nyland og Egil Selvik er i duell om vere førstemålvakt for Noreg under VM.
Foto: Bildbyrån / Vegard Grøtt
Ifølge Stavanger Aftenblad, som først omtalte historia, tok sjefsfysioen til klubben eit eige kurs for å bli spesialist på Selvik sin skade.
Det heile enda med at 28-åringen var på sidelinja i berre fire veker – og har sidan da spelt for fullt utan å kjenne noko til skulderskaden.
– Eg er glad eg unngjekk operasjon, da hadde ikkje eg sete her, seier han til NRK i dag.
– Du frykta du måtte vere borte i seks månader og at VM kanskje rauk, og så enda du opp med fire veker?
– Det er ganske spesielt, seier han med eit smil.

TOK EIT TØFT VAL: Egil Selvik blei sett i ein vanskeleg posisjon, men kan smile av utfallet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Meiner han fortener sjansen
Også for Noreg sin del kan avgjerda ha vore ei velsigning.
På landslaget har den 28 år gamle målvakta lenge vore å rekne som ein klar nummer to bak førstemålvakt Ørjan Nyland, men situasjonen er i ferd med å forandre seg.
Mens Nyland slit benken veke etter veke i Sevilla, har Selvik hatt ein fenomenal sesong i England og for lengst styrkt sin posisjon som ein av dei aller viktigaste og beste spelarane på Watford.
På spørsmål frå NRK om Selvik nå kjenner han fortener å stå i mål for landslaget, svarer han ærleg:
– Eg gjer jo det. Eg bidrar og er med på så å seie kvar samling. Men målvaktposisjonen er litt spesiell og kan ikkje samanliknast med å vere utespelar. Det er mykje politikk og litt sånne ting. Det er den beste som står, og å ha ei målvakt ein er komfortabel med, det er veldig forståeleg, svarer han.
– Blir du skuffa om du ikkje blir vald framfor Nyland?
– Alle vil spele, men eg skal ikkje deppe og surmule av den grunn. Det gjeld å trø til uansett, seier han.
Løkberg: – Eit veldig dilemma
NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner landslagssjef Ståle Solbakken har eit tøft val framfor seg.
– Det er eit veldig dilemma. Samtidig som Nyland varmar benken i Sevilla, så er Egil Selvik i sitt livs form. Så nå er det eit val som må takast. Er det Ørjan Nyland som er suveren einar, eller skal Selvik få ein verkeleg sjanse til å spele seg inn på laget, spør Løkberg.
– Målvaktplassen er omtrent den einaste plassen vi diskuterer. Og så har du Nikita Haikin, som kanskje skal inn i miksen med eit norsk pass òg. Men ikkje gløym Selvik, for han er i storform. Om han får moglegheita i landskampane nå, så kan han gjere det enda verre for Ståle Solbakken, legg han til.
Solbakken: – Målvaktplassen er sårbar
På spørsmål frå NRK om kor nær Selvik er å bli førstemålvakt, svarer landslagssjef Solbakken slik:
– Sånn som det er nå er Ørjan nummer éin. Men målvaktplassen er litt ekstra sårbar. Om ein gjer ein feil eller to som ein tenker skjer fordi ein er rusten og ikkje uheldig, er det lettare å byte målvakt. Når du ikkje spelar fotball, så er du under meir press enn om du spelar, innrømmer Solbakken.
– Kven spelar mot Nederland og Sveits?
– Det får du sjå.
- dei norske landslagsherrane spelar to privatlandskampar denne samlinga, først mot Nederland i Amsterdam fredag kveld, før Sveits ventar på Ullevaal tysdag. Kampen kan du sjå på TV 2 eller høyre på NRK Sport på radio.
Publisert


