Boggi.
Ordet må ikkje forvekslast med ein viss dans, for vi skal til togverda.
Boggi er hjulunderstellet som sit under sjølve togvogna. Fram til nå har det statlege selskapet Mantena hatt monopol på vedlikehald av dette i Noreg.
Tunge boggiar frå Jærbanen har måtta fraktast heile vegen til Groruddalen i Oslo. Løysinga har vore både svært kostbar og ikkje minst ført til innstillingar og forseinkingar.
Nå har Go-Ahead inngått eit samarbeid med industribedrifta Aarbakke på Bryne. På vel eit halvår har bedrifta snudd seg rundt og lært seg å halde boggiar ved like.

Boggi er hjulunderstellet som sit under sjølve togvogna.
Foto: Thomas Sommerset / NRK
I første omgang er det lokaltoga på Jærbanen som skal utbetrast. I neste omgang er det regiontoga på Sørlandsbanen som står for tur.
Målet er å skape eit meir stabilt rutetilbod for dei reisande.
Skal ut av Noreg i 2027
Selskapa begynte først å snakke saman i april i år.
– Vi har nå jobba godt med Go-Ahead over tid. Det er utruleg gøy at vi nå får det godkjent, seier Håkon Oma, som er administrerande direktør i Aarbakke.
Industribedrifta leverer hovudsakleg til energibransjen. Nå har likevel hjørnesteinsbedrifta sett seg ut ein sektor.

Håkon Oma er administrerande direktør i Aarbakke.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
– Eg kjenner mange som er frustrerte kvar dag for at toget ikkje går. Vi synest det er veldig motiverande å vere ein bidragsytar som sikrar at toget går.
Go-Ahead trekker har varsla at dei trekker seg ut av Noreg når kontrakten går ut i desember 2027. Vy skal deretter ta over rutene på Sørlandsbanen og Jærbanen.
– Det synest vi er trist, men vi allereie i samtalar med fleire partnarar.
– Vi vil bygge vidare på samarbeidet med Go-Ahead, og trur at her kan vi vekse.
Møtte veggen hos dei statlege aktørane
– Dette er ein milepæl for norsk jernbanesektor på alle vis. Også for olje- og gassindustrien, som viser den omstillingsevna dei gjer her, seier kommersiell direktør Simen Lockert Rohde i Go-Ahead.

– Dette er eit grep for å ta igjen det etterslepet på vedlikehald av togmateriell, seier Rohde i Go-Ahead.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Han meiner den nye løysinga med vedlikehald vil vere både meir føreseieleg og meir stabil.
– Dersom det er noko pendlarar på Jærbanen, eller fritidsreisande på Sørlandsbanen vil ha, så er det føreseielegheit. Det er ikkje noko anna vi jobbar for å få til i 2027 enn det.
Rohde seier likevel at dei ikkje veit akkurat når effekten vil merkast av dei reisande.
Passasjerflukt og låg punktlegskap
Punktlegskapen på Sørlandsbanen var under 70 prosent i fjor, og passasjertalet har falle med 30 prosent sidan 2019.
Sørlandsbanen er den svakaste linja i landet når det gjeld punktlegskap.

Målet med samarbeidet er å skape eit meir stabilt rutetilbod for dei reisande.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
2025 blei eit kriseår med ny rekord i innstilte tog, og 2026 blir enda verre.
Mykje av dette kjem av dei slitne toga, ifølge Go-Ahead.
– Vil dette vere nok til å ta igjen det etterslepet de har hatt?
– Dette er eit grep for å ta igjen det etterslepet på vedlikehald av togmateriell, som vi meiner er fornuftige. Det er ikkje berre vi som har eit etterslep på vedlikehald av togmateriell. Det er eit sektorproblem, seier Rohde i Go-Ahead.
Publisert


