Når butikkhyllene blir tømte raskare enn du kan uttale namnet til spelet, minner pågangen om eit digitalt jordskjelv.
Då Johanna Warberg-Nilsen drog i butikken på lanseringsdagen, var beskjeden nedslåande: Nintendo-spelet Tomodachi Life var heilt utselt.
Det var heller inga lykke å få i neste butikk.
– Eg tenkte «søren altså, nå har eg venta i elleve år», seier 29-åringen.
For Johanna gir spela henne glede, men det er også noko ho har halde hemmeleg.

Nintendo-spelet som Johanna ville ha tak i, er svært populært. Fleire utsalsstader melder at dei er utselde.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Den flaue spelgleda
– Eg liker å bruke tida eg har til overs på å spele, og eigentleg er det litt flautt å seie det. Folk på min alder meiner ofte at damer på snart 30 år ikkje skal spele spel, fortel ho.
Warberg-Nilsen enda opp med å kjøpe spelet digitalt, og i løpet av nokre veker har ho brukt rundt 100 timar på det.
Ho skildrar det som tabubelagt at jenter speler spel.
– Eg er langt frå den typiske gamaren. Eg kjenner på ei skam når eg snakkar høgt om det, seier ho og ler.
Men medan Johanna speler i skjul, viser ei nyleg undersøking at éin av tre nordmenn speler jamleg (ekstern lenke).
Spelekspert Kenneth Flage seier at alle slags folk speler.
– Når du tenker på den typiske gamaren, så får du gjerne eit spesifikt bilde i hovudet: Ein tenåring eller ung mann som berre speler skytespel. Men det stemmer ikkje. Kvinner, barn, foreldre og besteforeldre speler også jamleg.
Han ser ingen grunn til å vere flau, og meiner at ein spelar eller «gamar» ikkje treng å sjå ut som eller vere ein viss type person.

Som ung blei Johanna møtt med stygge kommentarar og latter når dei andre oppdaga at ho også spelte spel.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Likevel forstår han Warberg-Nilsen.
– Eg trur vi fortel oss sjølve at det er mykje meir stigma knytte til gaming enn det faktisk er. Vi driv med sjølvpisking, meiner Flage.
Vanskelegare å bli akseptert som kvinne
Forskar Kamilla Knutsen Steinnes ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO meiner spelmiljøet er prega av fordommar.
– Gamingkulturen har djupe kjønnsoppfatningar om at kvinner ikkje er like gode spelarar som menn, seier ho i ein forskingsartikkel publisert på nettsida til Oslomet (ekstern lenke).
Ifølge Steinnes har det dei seinare åra vore ei aukande marknadsføring retta mot jenter. Desse spela kallast ofte «rosaspel» av forskarar.
I spelbransjen skil ein mellom «core» (typiske gutespel) og «casual» (som Sims og mobilspel). Det er «casual»-spela som ofte appellerer meir til jenter.
Flage kjenner seg igjen i at spelverda har utfordringane sine, men meiner samtidig at statusen til spelarane i samfunnet har tatt kvantesteg i rett retning.
– For 20 år sidan var det meir stigma. Det var nerdete å spele, seier Flage og fortset:
– Personleg ser eg ikkje forskjellen mellom å sitte i sofaen og game og å sitte der og heie på fotballaget sitt i VM.

I Johannas verd har ho laga plass til kjente og kjære-familiemedlemmer, venner, Kong Harald og Mímir Kristjánsson.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Sjølv om dei har vore venner i snart ti år, var det først i fjor Warberg-Nilsen og ei venninne oppdaga at begge deler den same spelinteressa.
– Då eg vaks opp, var dataspel reservert for gutar. Ein blei sett på som rar om ein spelte på fritida som jente, fortel ho.
Ei undervurdert gruppe
På TikTok hadde emneknaggen «tomodachilife» over 200.000 videoar allereie den første veka etter lanseringsdatoen i april. Det er 29.000 videoar kvar dag.
Flage seier at simuleringsspel som det Johanna liker, kjem ein gong i skotåret. Dei har ein tendens til å bli populære blant ei veldig spesifikk gruppe menneske.
– Spelet appellerer til ei stor, men ofte attgløymd gruppe. Dei som liker anime, K-pop og ser til Japan, Kina og Korea for popkultur, forklarer Flage.
Speleksperten opplever det som ekstraordinært at eit spel i den digitale verda av 2026 sel ut.
– Det er spektakulært at eit spel blir utselt av den fysiske kopien sin i butikkane.

Mens Tomodachi Life blei utselt i butikkane på under fem timar, blei Nintendos store suksess, Zelda: Tears of the Kingdom, liggande igjen på hyllene.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Johanna Warberg-Nilsen seier at Tomodachi Life: Living the dream kjennest som eit «digitalt dokkehus». Litt slik som simulering-spelgiganten Sims.
-
Snusboks laga som eit spelelement av Johanna i Tomodachi life
Foto: Privat
-
Gjenskaping av Hardangerbunaden laga av Johanna
Foto: Privat
-
Tuborg-øl laga av Johanna
Foto: Privat
-
Domkyrkja i Stavanger har også fått plass i Johannas digitale dokkehus
Foto: Privat
Ho måtte til slutt kjøpe spelet i digital form for å sleppe å vente til juni eller lenger.
– Det er definitivt eit I-lands problem, men når ein har venta i elleve år, klarer ein ikkje å vente ein månad til.
Publisert


