
Klokka 19.50 fekk politiet melding frå ein mann om at han var blitt knivstukken.
Mannen var då ved ein bensinstasjon i Stavanger, men skal ha blitt utsett for vald på ei privatadresse i nærleiken.
Politiet rykte ut med fleire ressursar. Dei melder at dei har kontroll på dei involverte og at det verkar som ein av dei har mindre skadar, medan den andre er uskadd. Dei involverte blir undersøkte av ambulansepersonell.
Politiet gjer undersøkingar på staden.


