Ingen personar skal vere skadd, opplyser operasjonsleiar Anders Oppedal ved Sør-Vest politidistrikt, men det er mykje og svart røyk på staden.
Han kjem med ei viktig melding om at alle i området må halde vindauger og ventilar lukka og unngå å bli eksponert for røyken.
Brannen vart meldt like før klokka ni, og brannvesenet rykte ut frå tre brannstasjonar.
Store styrker med på sløkking
Vaktleiar i Rogaland brann og redning, Svein Nesse, seier dei har sendt 8 bilar til brannen med over 20 brannmannskap.
Brannen er ikke under kontroll og det er fare for vidare spreiing i bygget, seier Nesse.
Oppdragsleiar i politiet, Sigbjørn Staveland Sørenes, opplyser at det skal ha blitt uført takarbeid i forkant av brannen.

Det brenner ved Gilje Tre i Gjesdal
Fotografi: Adrian Fosse Årthun / NRK
Publisert
Oppdatert


