– Eg har jo erfaring frå andre arrangementet. Eg veit kva type støybilde det er, og kor mykje folk som kjem. Eg trur på ingen måte at det blir mindre no.
Ikkje alle gler seg like mykje til fotball-VM blir sparka i gang 11. juni.
Inge Anda bur i eit gammalt trehus i bydelen gamle Stavanger.
Han er godt van med frimodige cruiseturistar frå heile verda.

I annonsen lovar Inge «vakengaranti», fullt utbytte av VM-støyen og kort veg til apotek for sovemedisin eller øyreproppar.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Dei kan finne på å både fotografera det kvite trehuset på nært hald og kikke inn vindaugsrutene.
Men nå er det eit heilt anna bråk han fryktar: Dei mange VM-festane eit steinkast unna, i Stavanger sentrum. For nå har politikarane opna for skjenking også utandørs.
– Eg står opp halv seks kvar morgon for å gå jobb og er avhengig av søvn.
Nå har han lagt ut huset sitt på Finn.no for 250.000 under heile VM-festen, frå første spark 11. juni til finalen 19. juli.
I annonsen lovar han mellom anna «vakengaranti» under meisterskapen, fullt utbytte av VM-støyen, og kort veg til apotek om ein skulle trenge sovemedisin eller øyreproppar.

Slik presenterer Inge Anda heimen sin i annonsen.
Faksimile: Finn
– Eg ser jo fram til at VM skal starte. Eg har ingen problem med at det er liv og stemning i byen. Men det må vere plass til begge delar. Det må også vere plass til oss som bur her, held han fram.
Stortinget har sagt ja
Stortinget har sagt ja til at norske utestadar kan servera alkohol gjennom heile døgnet – så lenge det blir vist direktesendt VM-fotball på TV-skjermane.
Normalt skal alkoholserveringa stengast klokka 3 på natta.
Politikarane i Stavanger er blant dei som har gitt tommel opp til sein skjenking under VM.
I tillegg har sju utestadar i Stavanger sentrum søkt om utandørs skjenking til klokka 8 om morgonen under meisterskapet.

I Stavanger sentrum har fleire utestader søkt om utandørs skjenking til klokka 8 om morgonen under meisterskapet.
Foto: Frida Ripland Moberg
Formannskapet i oljebyen har gitt grønt lys til dette, men under gruppespelet blir det berre lov under Noreg sine kampar.
Når sluttspelet startar, blir det opne ølkranar.
Inge Anda vil gjerne vere positiv og er som mange andre imponert over det norske fotballandslaget.
Problemet er ikkje folka, men høgtalarane, ifølge han.
– Eg skjønar at folk vil tene pengar og underhalde folk. Men Stavanger kommune kan regulere dette og legga inn avgrensingar. I ytste konsekvens kan dei legga inn dei mest råka på hotell.
– Eit alkoholpolitisk eksperiment
Birger Wikre Hetland frå Senterpartiet stod bak forslaget i Stavanger.
Her er det lagt inn nokre avgrensingar, som at skjenkereglane berre gjeld for Noreg sine kampar fram til sluttspelet.

– Det vil vere negativt for byen om ein sal ha skjenking døgnet rundt i overkant av ein månad, seier Hetland frå Senterpartiet.
Foto: Erla Maria Hilstad Flyum / NRK
– Fotball-VM blir ein folkefest, men Senterpartiet er bekymra for korleis belastning med skjenking blir for Stavanger sentrum og bebuarane der. Derfor vil vi avgrense skjenkinga utandørs, sa Hetland under debatten i formannskapet.
SV stemte mot forslaget. Eirik Faret Sakariassen frå Stavanger SV, seier at dei mellom anna er bekymra for støynivået.

– Vi synest vi det er eit alkoholpolitisk eksperiment, seier Eirik Faret Sakariassen frå SV.
Foto: NRK ROGALAND / NRK
– Vi synest at å ha det utandørs truleg vil skape mykje støy overfor dei som bur i Gamle Stavanger. I tillegg synest vi det er eit alkoholpolitisk eksperiment. For dei folka som har problem med alkohol, så trur vi dette vil vere ganske kaotisk og problematisk, seier Faret Zachariassen til NRK.
Eit lite stikk til utelivsbransjen
Utestadane ligg eit lite steinkast frå huset til Anda.

Anda peikar mot utestadane som ligg berre eit steinkast unna bustaden.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Han presiserer at bustadannonsen på finn er skrive med ein god dose humor.
– Eg klagar jo, men eg gjer det jo med ein snert. Eg vil jo ha merksemd på ein morosam måte.

– Det er jo ein slags humoristisk protest, seier Anda om annonsen. I annonsen peiker han på følgjande «fordelar» ved eigedomen.
Faksimile: Finn.no
– Og så er det eit lite stikk til utelivsbransjen, som faktisk tar seg sånn til rette at dei ber om 35 dagar skjenking fram til klokka åtte om morgonen.
Kor skal du bu viss du får leigd ut huset ditt?
– Om eg får 250 000 for fem veker, så er det så mange moglegheiter at eg har ikkje klart å tenke den tanken. Eg kan flytte til søstera mi på Bryne, eller så reiser på cruise i to veker.

Finn-annonsen er skriven med ein god porsjon humor, seier han.
Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK
Men du skal sjå VM?
– Eg er medgangssupporter. Som i all anna idrett, når det er VM eller OL, så blir eg engasjert.
Publisert


