Langt inne i fjellet på Seljestad i Ullensvang eter Røldalstunnelen seg sakte, men sikkert innover.
Kvar salve som blir sprengt tek unna om lag fem meter med fjell.
Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen følgjer drifta tett. No har dei runda ein spesiell milepæl.
– Vi har passert 1000 meter, og då er det kake, seier han.
Kartet viser kor den nye E134 mellom Røldal og Seljestad skal gå.
Avkreftar rykte etter konkurs
I 2030 skal den nye tunnelen på E134 stå klar, og blir ein del av hovudfartsåra mellom aust og vest for store delar av Vestland og Rogaland.
Målet er å korta ned reisetida og gjera det tryggare å ferdast på strekninga som er kjent for hyppige vinterstengingar og krevjande køyreforhold.
Den 12,4 kilometer tunnelen skal erstatta dei tre gamle tunnelane: Røldal, Seljestad og Håra.
Men utbygginga har ikkje vore utan utfordringar dei siste månadane.
I mars gjekk ein av dei to hovudentreprenørane konkurs. Konkursen sette i gang rykte om full stans i prosjektet.
Det avkreftar prosjektleiaren.
– Ja, vi forstår ikkje kor dei rykta kjem frå, for tunneldrifta har gått sin gang heilt sidan vi starta i fjor haust, forklarar Lykkebø.
Etter konkursen heiv den andre entreprenøren, Metrostav, seg rundt.
– Dei gjorde ein stor innsats for å gjenoppretta organiseringa, og no står dei igjen som hovudentreprenør åleine.

Frode Lykkebø er prosjektleiar i Statens vegvesen.
Foto: Tale Hauso / NRK
Auka kostnader og pause i daganlegget
Tunnelarbeidet fortset for fullt, men utanfor har det stoppa opp. Det såkalla daganlegget har tatt pause etter entreprenør-konkursen.
Samtidig har Statens vegvesen sett seg nøydde til å varsla Samferdselsdepartementet om ei kostnadsauke, mellom anna grunna konkursen.
I revidert nasjonalbudsjett ber dei om at kostnadsramma blir auka med om lag 342 millionar kroner, slik at den totale ramma for prosjektet endar på 5,36 milliardar kroner.
At arbeidet utandørs for tida står stille, reknar likevel ikkje Lykkebø for å vera eit stort problem for framdrifta i prosjektet.
Røldalstunnelen blir 12,4 kilometer lang, der arbeidet inne i fjellet vil ta mest tid.
– Det har mindre betydning på eit så langt prosjekt. Så det kan vi fort ta inn igjen, forsikrar prosjektleiaren.
-
Inne i tunnelen blir grøne tennarar kopla saman. Maskiner og arbeidarar gjer klart til neste salve i det som skal bli Noregs fjerde lengste vegtunnel.
Foto: Tale Hauso / NRK
-
Ved munningane til tunnelen er det laga snunisjar for brøytebilar. Her kan brøytebilen snu utan å rygge.
Foto: Tale Hauso / NRK
-
Arbeidet utandørs står for tida stille, men bygginga av sjølve tunnelen er i full aktivitet.
Foto: Tale Hauso / NRK
-
Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen, Leif Inge Skogseth i Metrostav Noreg og fungerande byggjeleiar Jan Erik Græe i Statens vegvesen.
Foto: Tale Hauso / NRK
Publisert
Oppdatert


