– Tala er litt usikre. Vi reknar med at dette er fråvær knytt til regnbogeflagginga, seier Bjørn Nøttum, skulesjef i Karmøy kommune til Haugesunds Avis.
Det var avisa som først omtalte saka.
Karmøy kommune fekk 111 søknadar om fritak frå undervisninga som skulle vere 12. juni.
Desse blei ikkje innvilga, og 118 elevar møtte ikkje opp dagen skulane markerte pride.
Skulesjef Nøttum har tidlegare presisert i media at skulane ikkje markerer pride, men at fokusa deira er på mangfald og inkludering.

Skular i kommunen har halde fast ved at denne typen markeringar fell innanfor den ordinære undervisninga i skulen, men har møtt motstand frå ei foreldregruppe. Her frå Sevland skule i Karmøy.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
Statsforvaltaren slo fast: Ingen rett til fritak
NRK har tidlegare omtalt pride-striden ved Sevland skule på Karmøy. Der engasjerte ei foreldregruppe advokat for å krevje alternativ undervisning dagen pride skulle markerast.
Kravet nådde likevel ikkje fram.
Statsforvaltaren i Rogaland konkluderte med at elevane ikkje har krav på fritak, og slo fast at undervisninga er ein del av den ordinære og obligatoriske opplæringa i skulen.
26 elevar ved Sevland skule søkte om fritak denne dagen. På den aktuelle dagen var det også 26 elevar som ikkje møtte på skulen, ifølge Haugesunds Avis.
Kjenner seg marginalisert av kommunen
Ein far på Karmøy stadfestar overfor NRK at han valde å halde barna sine heime fordi han meiner arrangementet strir mot trua til familien.
Han hevdar at dei i denne situasjonen nyttar seg av ein lovfesta rett til fritak, trass i Statsforvaltarens konklusjon.
– For oss symboliserer flagget ein politisk kamp for å endre normer og fremje eit syn på kjønn og seksualitet som ikkje er i tråd med trua vår. Trua står sterkt her på vestsida av Karmøy, og dette er identiteten vår, seier faren til NRK.

I juni har norsk politi fått meldingar om hærverk mot prideflagg.
Foto: NRK
Sterkast motstand i Agder og Rogaland
Ei ny landsrepresentativ undersøking som Amnesty International har fått gjennomført, viser at motstanden mot undervisning om kjønnsidentitet og transpersonar står spesielt sterkt i Agder og Rogaland.
På påstanden «Barn bør ikkje lære om kjønnsidentitet og trans på skulen», svarer 37,5 prosent i regionen Agder og Rogaland at dei er einige.
Dette er den høgaste motstanden i landet, og talet ligg betydeleg over det nasjonale gjennomsnittet på 29,5 prosent.
Amnesty presiserer at regiontala bygger på mindre underutval, og bør tolkast med noko varsemd.
– Harde frontar og splitting i lokalsamfunnet
Faren som NRK har snakka med, understrekar at han tar sterkt avstand frå hets og hærverk.
– Vi er jo alle for inkludering og mangfald, men det må gå an å gjere det på andre måtar enn under eit flagg som har så ulik betydning for folk.
– Det er først og fremst trist at det har blitt så harde frontar og splitting i lokalsamfunnet vårt.

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.
Foto: Statsforvalteren i Rogaland
Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.
Ho seier at skulane har avgrensa sanksjonsmoglegheiter i møte med fråværet.
– Det er foreldra si plikt å sørge for at elevane kjem på skulen, seier ho.
Publisert


