Raset langs vegen, om lag 800 meter før turistattraksjonen Allmannajuvet, skjedde fredag for ei veke sidan. Etterpå har det gått føre seg reinsking av store steinar i lia over vegen.

Turistanlegget ved Allmannajuvet ligg like ovanfor raset på fylkesveg 520.
Foto: Fredrik Fløgstad / Statens vegvesen
– Men ennå er det ikkje råd å garantere tryggleiken, og derfor må vegen til Allmannajuvet og Hellandsbygd vera stengt nokre dagar til, stadfestar Ragnar Enge, byggeleiar i Rogaland fylkeskommune, fredag føremiddag.
Kritisk til tidsbruken
– Ting tar utruleg lang tid når det skjer inst i fylket, seier ordførar Håvard Handeland (Ap), og legg ikkje skjul på at han er ironisk.
Det er om lag 70 personar som bur i Hellandsbygd. Fleire av dei jobbar i Sauda og har hatt arbeidsvegen sin stengt i over ei veke nå.
Handeland understrekar at han forstår at tryggleiken må koma først, og at han ikkje har noko å utsetje på måten geologane gjer arbeidet sitt,
– Men ville ein akseptert at folk måtte gå over fjellet for å koma på jobb i Stavanger-området, spør Handeland.
Publisert


