– Det blir eit ork og eit slit og eit jag og eit krav, som eg føler det har blitt veldig mykje dei siste åra.
Det seier Narve Gilje Nordås om ein krevjande periode som toppidrettsutøvar.
Når NRK møter han 27-åringen i Trondheim, er han klar for eit nytt NM-løp, berre tre veker etter at han og trenar Gjert Ingebrigtsen avslutta det mangeårige samarbeidet.
Fredag kveld ventar forsøksheat på 1500 meter.
– Det kjennest bra før i kveld. Overskotet er på plass, og meir enn det kan eg ikkje be om, seier Nordås.
Men den kjensla har vore vanskeleg å finne att dei siste sesongane.
Samde om å avslutte
Avgjerda om å avslutte samarbeidet vart teken i St. Moritz for rundt tre veker sidan. Nordås fortel at det ikkje var eit resultat av éi enkelt hending, men ei erkjenning frå begge sider.
– Nei, det er klart det var vanskeleg. Begge var liksom einige om at det er ein tid for alt, og det er det rette å gi seg no. Ingen vonde kjensler knytte til det etterpå, trur eg, forklarar Nordås.
Han seier at han sjølve tok initiativet til å avslutte samarbeidet, men at det blei tatt i mot på ein god måte.

Nordås og Gjert Ingebrigtsen samarbeidde i fleire år før dei valde å avslutte samarbeidet for tre veker sidan.
Foto: Carl Sandin / Bildbyrån
– Det var begge som kjente på ein form for slitasje over mange år. Toppidrett er krevjande. Litt nøkkelen er at det kostar meir enn det gir. Det er først og fremst resultat som gir.
– Du kan tolerere mykje og tole mykje viss du har gode resultat. Trass i at trivselen og følelsen ikkje er på topp. Så lenge du presterer bra, kan du handtere det.
NRK har forsøkt å kome i kontakt med Gjert Ingebrigtsen, men har førebels ikkje lukka med det.
– Kvart meisterskap blei det støy
Nordås forklarar at når verken idrettsgleda eller resultata er på plass, blir det til slutt vanskeleg å rettferdiggjere den enorme innsatsen overfor seg sjølv.
– Det siste året har ikkje resultata vore så gode som vi ønskte. Eg føler ting kunne vore annleis, men det er tre år der ein har stått og stanga hovudet i veggen. Det kjennest frustrerande.
Nordås seier også at merksemda rundt situasjonen til trenaren vart ein del av vurderinga.

Nordås spring forsøksheat på 1500 meter under NM i Trondheim fredag kveld.
Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån
– Det er klart det var ein del av det òg, med tanke på at det kostar meir enn det gir. Kvart meisterskap blir det jo støy, sjølv om du ikkje vil det sjølv.
Han fortel at spørsmål rundt situasjonen ofte følgde han.
– Du har ein trenar som er nekta akkreditering på grunn av diverse ting. Så blir du konfrontert med det og alt knytt til det. Sjølv om det eigentleg ikkje er så mykje med det å gjere for enkelte ting. Då kjennest det greitt å berre sleppe det.
Fredag kveld spring han forsøk på 1500m kl. 17.50. Går han vidare spring han i finale kl. 20.40 på laurdag. Det kan du få med deg på NRK1 eller NRK TV frå kl. 19.30.
Vil finne tilbake til overskotet
Tre veker etter at samarbeidet tok slutt, meiner ikkje Nordås at resultata automatisk kjem tilbake.
– Resultatet har ikkje nødvendigvis vakse inn i himmelen etterpå. Du kan ikkje forvente ting så fort, og det er ikkje sikkert at det blir betre heller. Det veit du ikkje.
Nordås meiner spesielt perioden etter den sterke 2023-sesongen vart krevjande.

Nordås meiner trivsel og glede i kvardagen er avgjerande for å kunne prestere på toppnivå.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Då tok han VM-bronse på 1500 meter og sprang under 3.30 for første gong.
– 2023 var veldig bra. Men så var det neste steg: Bronsen skal bli gull. No sprang du 29, no skal du springe 27. Du skal vere på topp då. Innandørs-VM, OL, EM. Du skal vere på topp, topp, topp.
Han meiner jakta på stadig nye mål gjorde at det vart for lite rom for kvile.
Får ein friare kvardag
Etter brotet med Ingebrigtsen står Nordås friare til å velje kven han trenar med framover.
Han seier han ikkje nødvendigvis skal inn i ei ny fast gruppe med ein gong, men at han får større fleksibilitet.
– Eg står jo litt friare no til å ikkje nødvendigvis trene med kven som helst når som helst. På leir kan du slenge deg med på ei økt med nokon andre fordi dei har terskel dei òg.

Etter brotet med Ingebrigtsen kjenner Nordås at han får meir fridom i treningskvardagen.
Foto: Alem Zebic / NRK
For Nordås handlar det om noko han har sakna.
– Eg har sakna ein sånn fridom dei siste åra. Toppidrett kostar fridom, det er noko ein ofte må betale. Men eg føler i litt for stor grad at eg har betalt med fridom.
Han understrekar at det ikkje betyr mindre satsing.
– Eg skal køyre fullt ut. Det er ikkje snakk om å kutte unna. Men sørge for at det ikkje blir for mykje.
Publisert
Oppdatert


