– Til slutt fører det til at marknadsverdien hans veks astronomisk.
Slik lyder spådommen til sosiale medium-ekspert Ståle Lindblad når det gjeld Erling Braut Haalands Some-nærvær.
For denne sommaren har det vore Haaland-feber. Ikkje berre i Noreg, men på internasjonalt nivå.
«Instagram er så kult. Eg kan dele bilda mine og ein fyr som heiter Erling kjem til å kommentere «nice»», skriv ein Instagram-brukar.
«nice», kommenterer superstjerna på ei rekke Instagram-innlegg.
Sosiale medium-ekspert og forfattar Astrid Valen-Utvik har også følgt Haalands nærvær gjennom sommaren
– Han kastar bensin på bålet ved berre å vere litt til stades. Han er definitivt til stades i kanalane sine, og kommentarane hans gir folk ei kjensle at dei har tilgang på han, at dei kan nå han, seier ho og fortset:

POSITIV: Valen-Utvik liker det Haaland held på med.
Foto: Eide Foto
– Så trur eg nok at om ein hadde sett på talet på stader han blir nemnd og har høve til å kommentere, så er det eit så enormt stort tal at han nok prosentvis ikkje kommenterer på så kjempemange.
Samtidig er det ikkje mange stjerner som kommenterer i det heile.
– Det er nok det som gjer at folk går ganske bananas.
Svara har ikkje akkurat blitt færre etter Noregs VM-exit, men fenomenet er likevel ikkje noko heilt nytt.
Allereie under VM var han aktiv i kommentarfelt, blant anna under ein KI-generert video av han og Vinicius Jr.:
Kvifor fungerer det?
– Eg trur folk rett og slett ikkje ventar det av så store profilar, som har så mykje mediemerksemd og er blant dei personane det blir snakka mest om i verda akkurat nå. Da forventar du ikkje at dei har beina så på jorda at dei skrollar i eigen feed og lagar eige innhald, og svarer på innhald dei er tagga i.
Valen-Utvik føler at kommentarane den siste tida frå Haaland er «i ånda hans» og at verda ser på han som jovial og «nedpå».
– Eg elskar det frå ein fagleg ståstad. For eg synest dialog er noko av det som er undervurdert i sosiale medium, om du snakkar om Haaland som ein «bedrift», så er det mange bedrifter som kan lære ein ting eller to frå han.

LURING: Ting kan tyde på at Haaland veit kva han driv med utanfor banen òg.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
– Det er ein grunn til at han får desse følgarane og at dei held fram med å vere engasjerte. Det er ikkje berre at han kommenterer her og der, men det hjelper naturlegvis veldig på, og blir som sagd bensin på engasjementsbålet hans.
Ho seier Haaland «bjudar på», og er «litt ufiltrert i noko av det han deler.»
– Han er eit ekte menneske bak det. Det trur eg er noko av nøkkelen til at ein faktisk får det til. Han skjønner kor viktig dette er.
Haaland eller team?
Men er det Haaland sjølv som kommenterer innlegga?
Sannsynlegvis er det berre han – og eventuelle hjelparar – som kan svare på det. Men både Lindblad og Valen-Utvik trur det er stjernespissen som kommenterer
– Han har jo eit team rundt seg, som ein ser på YouTube-kanalen hans, men det verkar genuint, og som at det er han.

LIKER: Lindblad liker Haalands nærvær.
Foto: Susanne Lindblad
Han trekker blant anna fram den nylege historia med skodespelar Tom Holland.
Og det trur Lindblad kan vere ein av dei store ikkje sportsleg-suksessoppskriftene til stjernespissen.
– Ved å vere så genuin som det han er, så vil han jo samtidig auke marknadsverdien sin fantastisk.
– Ein sympatisk, superpopulær fotballstjerne er mykje meir verd enn ein inneslutta person som er god til å skåre mål mens han svarer med einstavingsord.

VASKEBJØRN: Haaland kom heim utan VM-trofé, men med ein vaskebjørn på armen.
Foto: Jan Langhaug / NTB
Gjer han det for pengar?
Men vil det vare?
– Det kan godt hende han svare på kommentarar framover òg, men eg tippar han har fått erfare kva det gjer med talet som prøver å tagge han eller få merksemda hans, seier Valen-Utvik.
Samtidig peikar Lindblad på eit anna aspekt.
– Om ein genuint synest det er kult, så vil ein fortsette å gjere det. Om dette her hadde vore «fake», noko han gjorde for å generere ei kunstig merksemd, da ville det stoppa igjen så fort han ikkje gadd meir, seier Lindblad.

ONLINE: Det har ikkje akkurat vore lite Haaland i monitor denne sommaren.
Foto: JUSTIN SETTERFIELD / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB
Eksperten trur likevel ikkje det er tilfellet her.
– Eg trur han gjer det fordi han vil, så eg trur han kjem til å halde fram med det.
Han peikar blant anna på kor mykje Haaland delar frå sitt liv, blant anna på sin eigen YouTube-kanal.
Likevel:
– Det vil jo vise seg dei neste vekene.
Publisert


