I går gjekk LO, NHO og Offshore Noreg saman ut og tok til orde for fleire grep for å sikre at oljealderen får leve for fullt i nokre år til.
I ein rapport foreslår dei å utvide TFO til alt tilgjengeleg areal som i dag er opne for olje- og gassverksemd.
TFO betyr at staten deler ut nye område der oljeselskapa får leite etter olje og gass.
Dette inkluderer dei vestlege delane av Nordland VI, noko som har vekt sterke reaksjonar, og skaper heit debatt på Politisk kvarter onsdag morgon.
– Bransjen ønsker å få tilgang til å søke på kva som helst område, seier administrerande direktør i Offshore Noreg, Hildegunn Blindheim under dagens politisk kvarter.
Offshore Noreg er ein bransje-, interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for selskap som driv verksemd på den norske kontinentalsokkelen.
– Då vil oljeselskapa og gasselskapa kunne gjere vurderingar på kva område dei ser som interessante, seier ho vidare.
– Utan politisk kontroll?
– Vi har grundige myndigheitsprosessar. Det er ikkje sånn at olje- og gasselskapa kan peike på eit område, og begynne å bore, svarer Blindheim.
Fryktar produksjonsfall
Olje- og gassproduksjonen kan falle over 60 prosent innan 2050 utan nye grep, er blant det som kjem fram i rapporten frå KonKraft.
– Det er ganske drastisk når vi veit at vi har eit Europa som er heilt avhengig av det vi kan produsere på norsk sokkel, seier Blindheim.
Nordland VI har lenge vore eit politisk omstridd område. Blindheim understrekar at næringa ikkje ber om full opning av kystnære soner.

Store aktørar ønsker å satse på leiting i omstridd havområde utanfor Lofoten. Det er omstridd med tanke på omsyn til klima og miljø.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK
– Næringa ber ikkje om opning av Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er dei vestlegaste delane av dette området i havet.
På spørsmål om det å omtale området som dei «vestlegaste delane» berre er eit språktriks for å omgå dei kjente områda i Lofoten, Vesterålen og Senja, svarer Blindheim:
– Det er ikkje noko språkleik. Dette er dei aller vestlegaste delane. Det som er lengst unna land og nærast eksisterande plattformer.
Møter hard motstand frå Haltbrekken
Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) er heilt ueinig i framstillinga og åtvarar sterkt mot å tillate boring i desse områda:
– Det vi høyrer, er reinspikka tullprat. Det er sjølvsagt at dette er ein del av dei omstridde og svært sårbare områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
– Her finn vi fantastiske fiskeressursar. Vi fører store mengder menneske kvar einaste dag gjennom året frå desse havområda. Eit oljesøl her vil ha katastrofale konsekvensar, seier Haltbrekken vidare.

Lars Haltbrekken er nestleiar i SV og medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRK
– Vi fryktar det er starten på ei full opning av desse områda. Oljeselskapa kjem ikkje til å nøye seg med dei vestlegaste områda, seier han vidare.
Han meiner eit ja til desse areala vil opne slusene for meir leiting vidare innover:
– Får dei tilgang på dei, som vi har klart å hindre nå i over 40 år, så kjem dei til å gå vidare, seier han.
Aasland vil vurdere alle innspel
Energiminister Terje Aasland avviser at regjeringa konkluderer nå, og seier dei vil gå gjennom alle forslaga frå KonKraft-rapporten.
På direkte spørsmål om det kan bli aktuelt å opne Nordland VI, svarer Aasland at dei ikkje ønsker å gå inn på enkelttiltak i rapporten.

Energiminister Terje Aasland seier dei vil vurdere tiltaka frå rapporten i samband med stortingsmeldinga om framtida til petroleumsnæringa i Noreg.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK
– Det er 41 tiltak som KonKraft-rapporten lanserer, og som gir oss innspel. Og så skal vi vurdere alle innspela som kjem i tilknyting til ei ny petroleumsmelding som vi skal legge fram på Stortinget i januar, seier Aasland.
Når ministeren blir konfrontert med om regjeringa vurderer å ta opp igjen ei sak som eigentleg har vore politisk død ei stund, seier han vidare.
– Som eg seier, dei tiltaka som er spelt inn frå KonKraft, dei skal vi vurdere i samband med stortingsmeldinga om framtida til petroleumsnæringa i Noreg.
Publisert
Oppdatert


