FK Haugesund – Strømmen 2–1:
Sory Diarra har no skåra fleire mål i ein og same sesong enn nokon annan i 1. divisjon for menn.
Under kampen mot Strømmen søndag har FK Haugesund-kapteinen foreløpig skåra eitt mål.
Han står dermed med 30 mål på 22 ligakampar 1. divisjon denne sesongen. Det er det ingen som har gjort før han.

I sommar blei det kjent at han forlengde kontrakten med to år, etter månader med spekulasjonar om framtida til spissen.
Foto: FK Haugesund
Passerte 10 år gammal rekord
Diarra har dermed passert Kristian Fardal Opseths rekord på 28 mål for Bodø/Glimt i 2017. Fardal Opseth tok då 12 år gamle rekorden frå Stabækk og Daniel Nannskog.
Diarra har vore på banen i alle seriekampane for FKH denne sesongen, utanom toppkampen på Gjemselund mot Kongsvinger. Då sona han for gule kort.
Åtte kampar igjen
Det er spelt 23 kampar av årets førstedivisjon, og det er dermed mange skåringsmoglegheiter igjen for den 26 år gamle superspissen.
Diarra kom til Haugesund frå rumenske Petrolul Ploeisti i 2023.

Sorry Diarra skåra 3 mål under eliteseriekampen i fotball mellom KFUM og Haugesund førre sesong.
Foto: Javad Parsa / NTB
I sommar blei det kjent at han forlengde kontrakten med to år, etter månader med spekulasjonar om framtida til spissen. Den strekker seg altså fram til sommaren 2028.
Men Haugesund var ikkje den einaste staden i fylket det vart sett ein fotballrekord. Vikings Zlatko Tripic har sett ny assistrekord med 17 målgjevande pasningar på 20 kampar i Eliteserien så langt i 2026-sesongen.
Det skjedde i heimekampen mot Lillestrøm sundag då han serverte Kristoffer Haugen på 1–0-målet.
Publisert
Oppdatert


