– Dei skriv at eg driv med dyremishandling og kan ikkje forstå at eg vil gjere dette mot min eigen hund. At eg ikkje elskar henne. At ho har det vondt og fælt, og at eg ikkje bryr meg om min eigen hund.
Tuva Hansen sit med ein stor bandasje på venstre kne og cockapooen Vilja (6) på fanget. I ei stor hundegrind ved sidan av, ligg kvalpane Chili, Milo, Winnie og Leo og søv.
-
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK -
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK -
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK -
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Dei har allereie blitt yndlingar i sosiale medium. Vilja har sine eigne kontoar – med 119.000 følgarar på Instagram og over 950.000 følgarar på TikTok.
Det er ein direkte samanheng mellom bandasjen og dei sjarmerande kvalpane. West Ham-spelaren hadde nemleg lenge sagt til venner og kjente at om ho éin gong blei langtidsskadd, skulle Vilja få kvalpar.
29. mai skjedde det.
Berre 45 sekund stod att av ein sjuarkamp mot Aston Villa da Hansen gjorde ei rørsle som fekk det til å seie «popp» i kneet.

VIL TILBAKE: Tuva Hansen har lenge vore ei viktig brikke på det norske landslaget. Det håpar ho også å vere i framtida, sjølv om VM neste år kan komme for tidleg.
Foto: Beate Oma Dahle / Beate Oma Dahle / NTB
«Du kan få kvalpar no!»
Både lyden og smertene gjorde at 29-åringen med over 60 landskampar for Noreg straks skjønte at det var alvorleg.
Da ho eit kvarter seinare blei undersøkt av fysioterapeut, kom den tidlegare lagvenninna Lea Schüller inn i rommet for å sjå korleis det stod til.
– Da smilte Lea til meg med éin gong og eg berre: «Kvifor smiler du no?». Ho sa: «Du kan få kvalpar no!» Og eg berre: «Å herregud». Det endra tankesettet mitt med éin gong, eg blei ein meir positiv person der og da, seier ho til NRK.
Det meste var roke i kneet. Etter den omfattande operasjonen, blei rekonvalesenstida rekna til 9–12 månader. Viss alt går bra, kan Hansen rekke VM-sluttspelet i Brasil neste sommar.
– Det er veldig mogleg, seier Tuva Hansen likevel om det motsette scenarioet: At ho ikkje rekk VM.
– Eg er innforstått med at det kanskje ikkje går, erkjenner ho.

DRØYM I OPPFYLLING: Tuva Hansen har lenge drøymt om kvalpar. Da ho blei skadd, hadde ho plutseleg tid.
Foto: rogaland / NRK
Kritikken har tatt av
Derfor er jærbuen glad for at ho har noko anna å tenke på, som for eksempel dei fire hundekvalpane.
– Det har vore draumen min. Så var det litt tilfeldig at ho fekk løpetid dagen før eg rauk korsbandet, og at eg akkurat rakk å reise til Noreg for å få henne para. Det var litt spesiell timing, seier Hansen.
Spesielle har også nokre av reaksjonane vore.
– Eg har jo fått negative kommentarar tidlegare om korleis eg oppdrar Vilja, videoar eg tar og sånne ting. Men det har ikkje tatt så mykje av som det har gjort i det siste, etter at eg fekk kull, erkjenner ho.
Noko av kritikken går på at ho avlar på ein hund som ikkje er reinrasa. Andre er kritiske til at det i det heile blir avla på hundar. Mykje av dette kjem frå USA, der forholda er annleis.
– Men det har vore litt kvassare òg, om at eg held på med dyremishandling, at eg tvinga henne til å pare og sånne ting, seier Hansen, som tar seg tid til å svare på mange av meldingane.
– Eg må jo forklare at dette skjedde heilt naturleg. Det er ein naturleg del å reprodusere, akkurat som menneske.
– Det er nok fleire grunnar til at folk reagerer på såkalla designarhundar, seier hundeekspert og åtferdsbiolog Emma Mary Garlant til NRK.
Ho driv nettstaden hunomhund, og har gitt ut fleire bøker om hundar.

HUNDEEKSPERT: Emma Mary Garlant saman med ein hund.
Foto: Selfie / Privat
Garlant peikar på at nokre hundar som ikkje er reinrase har blitt dyrare å avle enn reinrasehundar.
– Personleg synest eg marknadsføringa av enkelte designarhundar er meir problematisk enn at dei er blandingshundar. Dei kan for eksempel bli marknadsførte som spesielt gode familiehundar, barnevennlege, allergivennlege eller som hundar med bestemte personlegdomstrekk.
– Problemet er at ein ikkje kan garantere at ein kvalp får slike eigenskapar berre fordi ein kryssar to bestemte rasar, seier hundeeksperten.
Ho avviser at å avle på ein hund er einstydande med at hunden blir tvinga til å pare seg, og seier at mange tisper frivillig vil pare seg når dei er i rett fase av løpetida.
– Mange av kommentarane kjem frå USA. Kjenner du til at det er andre forhold der som gjer at det kan vere naturleg å reagere?
– Ja, her trur eg det kan vere ein viktig kulturell forskjell. I USA står «adopt, don’t shop»-rørsla sterkt, fortel Garlant.
– Bakgrunnen er blant anna at svært mange hundar hamnar på omplasseringssenter, og at mange av desse sentera slit med overbelegg. I 2025 blei det anslått at rundt 320 000 hundar blei avliva i amerikanske shelters. Det betyr ikkje at alle desse blei avliva berre på grunn av plassmangel, men det seier noko om kor annleis situasjonen er samanlikna med Noreg.

GODT SELSKAP: Tuva Hansen og Vilja har eit godt selskap med kvalpane.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Menneskeleggjer hundane
Hansen fortel at mange blir ekstra provoserte når ho påpeikar at det dreier seg om hundar, ikkje menneske.
– For dei menneskeleggjer hundane. Det gjer jo eg òg i ei viss grad, men eg forstår jo òg at det er eit dyr, seier ho.
– Kva synest du om at folket er sånn?
– Det er jo på ein måte kjekt at folk engasjerer seg, men dei kan òg lese seg litt opp før dei kanskje kommenterer, seier Hansen, som sånn sett lever godt med kritikken.
-
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK -
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK -
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Stikk du hovudet fram, så kjem du ofte til å få nokre negative kommentarar av nokon som har meiningar. Så sånn er det, konstaterer ho.
Det er allereie klart kven som blir dei nye eigarane av kvalpane. Det er også bestemt kva som skal gjerast med inntektene frå salet.
Dei skal nemleg gå til innkjøp av maskiner til knerehabilitering, og desse skal disponerast av Idrettens Helsesenter.
Dette er maskiner som blir brukte til smertelindring, som Hansen hadde stor nytte av etter kneoperasjonen.
– Eg fekk høyre at det ikkje var ein del av forsikringa. Det meiner eg det burde vere. Når det ikkje er det per dags dato, så må nokon andre hjelpe til, fastslår landslagsprofilen.

VIL TILBAKE: Tuva Hansen jobbar hardt for å komme tilbake på fotballbanen.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Publisert


