Måndag formiddag besøkte arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) organisasjonen Fedrenettverket i Stavanger.
Med seg hadde ho ein nyheit om statsbudsjettet for neste år.
Regjeringa foreslår no å bruke 96 millionar kroner meir på integrering.
– Regjeringa stiller opp, men stiller også krav i integreringspolitikken. Vi forventar at dei som kjem til Noreg lærer seg norsk, kjem i arbeid og blir ein del av fellesskapet, seier Stenseng.

Kjersti Stenseng vil bruke nesten 100 millionar kroner meir på integrering i neste års statsbudsjett.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Ho er tydeleg på kva regjeringa meiner er aller viktigast for at innvandrarar skal kome seg i jobb.
– Den aller viktigaste suksessfaktoren no for å kome inn i arbeidslivet, det handlar om språk. Det handlar om god norskopplæring. Derfor ønskjer vi å bruke meir ressursar på dette, seier Stenseng.
Blant anna vil regjeringa bruke nesten 18 millionar kroner på betre og meir fleksibel norskopplæring.
– God investering
Hos Fedrenettverket i Stavanger blei ministeren møtt av blant andre styreleiar Anthony Martins.
Fedrenettverket er ein organisasjon for innvandrarfedrar som ønskjer å vere meir til stades i nærmiljøet, heime og i samfunnet. Dei ønskjer å gjere det lettare å forstå og finne plassen sin i det norske samfunnet, og samstundes byggje bruer mellom kulturar, menneske og system.

Anthony Martins i Fedrenettverket er glad for støtta.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Slik håpar dei å bidra til tryggare og meir stabile heimar for barn og unge – og eit varmare samfunn der alle fedrar kjenner at dei høyrer til.
Martins er glad for at det no kjem meir pengar til arbeidet med integrering.
– Dette er eit veldig fint beløp og ein ressurs til å kunne jobbe vidare, seier han.
Han er spesielt oppteken av at ein må satse på dei unge.
– Når ein begynner å integrere særleg ungdommane tidleg, er det ei veldig god investering. Poenget er å samle dei sosialt, at dei kan kommunisere og snakke saman, og få dei ut av einsemda, meiner Martins.
Vil ha meir fokus på sosial inkludering
Hildegunn Fandrem er professor i spesialpedagogikk ved Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Ho har blant anna forska på norskopplæring blant innvandrarar i grunnskulen.

Hildegunn Fandrum har eit UNESCO-professorat i mangfald, inkludering og utdanning.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Fandrem meiner språkopplæring er vel og bra, men etterlyser eit breiare fokus frå politikarane.
– Vi har veldig fokus på norskopplæring i seg sjølv, og det å lære språk. Eg trur at det er meir å gå på når det gjeld å fokusere også på deltaking, på sosial inkludering. Det er ei anna viktig side av saka med å få dei integrert, seier professoren.
Publisert


