Det er ikkje kven som helst Viking møter i sin første heimekamp i Meisterligaen.
Oppgjeret mot dei regjerande tyske meistrane går av stabelen klokka 21 tysdag.
Kampen mot Bayern München er den største som nokon gong har blitt spelt i Stavanger, og blant dei største oppgjera i norsk klubbfotball si historie.

Viking hadde måndag si siste trening før møtet med Bayern München.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
Måndag klokka 12 møter Viking pressa i forkant av det som ser ut til å bli ein knallhard kamp for dei norske seriemeistrane.
Trenar Bjarte Lunde Aarsheim, kaptein Zlatko Tripic og midtstoppar Henrik Falchener stiller på pressekonferansen for Viking.
Harry Kane, Michael Olise og Manuel Neuer
Bayern München nedsabla Bodø/Glimt 5–0 i sin første kamp i Meisterligaen, medan Viking tapte 3–1 for Stuttgart i Tyskland.
Representantar frå Bayern München har alt besøkt Stavanger og Viking stadion to gonger i haust.
Harry Kane, Michael Olise og Manuel Neuer er blant stjernespelarane som kjem til Stavanger i dag.

Bayern München knuste Bodø/Glimt 5–0 i sin første kamp i Meisterligaen.
Foto: MICHAELA STACHE / AFP,NTB
Delegasjonen som tar turen frå Bayern München til Stavanger er totalt på eit par hundre, ifølge Viking.
To av lagbussane som skal frakta spelarane og staben mellom flyplassen, hotellet og stadion i Stavanger er køyrde opp frå Tyskland i full Bayern-profilering.
Kunne fylt stadion med bortesupporterar
Ifølge Eirik Bjørnø, dagleg leiar i Viking, vil kampen vere blant dei største kameraproduksjonane på norsk jord.
I tillegg til 22 kamera frå UEFA, stiller Bayern med rundt 22 eigne kamera.
Bjørnø seier det er seld rundt 800 billettar til bortesupporterane frå Tyskland, men at dei ventar at dobbelt så mange møter opp.

Viking-trening i Jåttåvågen måndag føremiddag.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
– Dette er ein klubb med 500.000 medlemmar. Vi kunne fylt stadion med berre bortesupporterar utan problem.
Viking stadion har kapasitet til rett under 16.000 tilskodarar, og billettane til kampen er for lengst utselde.
Bayern München er storfavorittar før kampen.
For å samanlikna dei to klubbane: Bayern sin spelarstall har ein marknadsverdi på om lag 12 milliardar norske kroner, medan Viking sin stall har ein verdi på om lag 650 millionar kroner, ifølge Transfermarkt.
Bayern München har pressekonferanse i Stavanger klokka 17.30 i ettermiddag, også den kan du følgja på nrk.no. Det tyske storlaget trenar i Jåttåvågen klokka 18.
Viking er klare til å ta imot storklubben Bayern München.
Publisert
Oppdatert


