– Me fekk ein tøff kamp i starten. Etter det har me lært veldig fort, og hatt tre veldig gode kampar etter kvarandre. Me ligg i toppsjiktet av ein grunn.
Aksel Olaussen Tveit er kaptein for Viking sitt juniorlag.
Eit lag som har imponert stort i Uefa-ungdomscupen denne hausten. Altså Meisterligaen for juniorlag. Det har både Bayern München og Aston Villa fått merka.
Aksel Olaussen Tveit
kaptein, Viking sitt juniorlag
Foto: Magnus Stokka / NRK
Naturleg nok er det A-laget som spelar i den «ordentlege» Meisterligaen som stel dei største overskriftene.
Men det er altså ikkje berre Zlatko Tripic og dei andre Viking-profilane som får vera med på fotballeventyret i Europa.
Både Viking og Bodø/Glimt deltar i Meisterligaen for juniorlag.
Etter fire rundar ligg Viking på ein imponerande 7.-plass av 36 lag, medan Bodø/Glimt er nede på ein 31.-plass (sjå resultat i faktaboks under).
Viking-talenta har tatt tre strake sigrar og har lag som Liverpool, Manchester City, Manchester United, Barcelona og PSG bak seg på tabellen.
– Me merkar at me tar veldig raske steg nå. Me trenar betre og då blir me automatisk betre i kampane òg. Det aukar motivasjonen, seier Olaussen Tveit.
– Kan de vinna heile Meisterligaen for juniorlag?
– Me har vist at me er gode. Dersom me held fram med å ta steg og har ein topp dag, er det absolutt mogleg.

Viking tok ein sterk 1-0-siger mot Aston Villa på bortebane i Birmingham.
Foto: Sigurd Seglem / Viking
– Noregs beste
Når det står at to kampar i turneringa (Atlético Madrid og Feyenoord), er Viking-rekruttane nærast klare for utslagsrunden (dei 22 beste laga av 36 går vidare).
Trenar for Viking-juniorane, Espen Andersen, er svært imponert over laget sitt.
– Eg synest me har klart oss veldig bra. Det er kjekt med gode resultat, men det viktigaste for oss er referansane me får og den individuelle utviklinga til kvar enkelt spelar.
Espen Andersen
trenar for Viking-juniorane
Foto: Magnus Stokka / NRK

Viking er på ein sterk 7.-plass i Meisterligaen for juniorlag.
Foto: Uefa
I norsk fotball er Viking kjent for å ha det beste juniorlaget.
Men overfor lokalavisa RA Stavanger er trenar Andersen også sitert på at «vi er nok helt klart blant de beste akademiene i verden».
Når NRK konfronterer han med det friske sitatet, er trenaren meir tilbakehalden.
– Eg trur ikkje det finst målingar på oss opp mot resten av verda. Me forheld oss til at me er Noregs beste, og så tar me det derfrå.
– Men de har vist at de kan hevda dykk mot europeisk motstand?
– Det stemmer, og det er veldig kjekt.
Trenaren trur likevel ikkje det er reelle sjansar til å vinna turneringa, og viser til laga som har vunne dei siste par åra.
– Det er langt opp dit. Men me tar ein kamp om gongen, så få me sjå kor langt det tar oss.

Viking sitt G19-lag imponerer i Meisterligaen for juniorlag.
Foto: Sigurd Seglem / Viking
NRK-kommentator: «Forbløffande gode»
Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt, kallar prestasjonane til Viking sitt juniorlag for «forbløffande gode».
– Det er varierande kor mykje dei største klubbene legg i ligaen. Men for alle er det sett på som ein særs viktig utviklingsplattform, ikkje minst når det gjeld kulturelle forskjellar, også innan fotballen.
– Vinn Viking heile ligaen, kan dei med stor tryggleik kalla seg verdas beste. Men resultata dei alt har vist, indikerer at dei faktisk er på eit skyhøgt nivå, seier Saltvedt.
Jan Petter Saltvedt
sportskommentator i NRK
Foto: Martin Leigland
Viking satsar stort på juniorlaget og akademiet.
Dagleg leiar Eirik Bjørnø opplyser at dei brukar «nokre titals millionar» på det i løpet av 2026. Det utgjer 20–25 årsverk.
– Satsinga har vore den viktigaste strategiske stolpen vår sidan me rykka ned i 2017. Det har produsert ein heil haug med spelarar som både har levert for A-laget, men som òg har blitt selde vidare og generert store inntekter til klubben.
Eirik Bjørnø
dagleg leiar, Viking FK
Foto: Magnus Stokka / NRK
Færre årsverk i Glimt
Rival Bodø/Glimt er kjent for å spissa satsing meir inn mot A-laget. Dei har om lag fem årsverk knytt til G19-laget.
– Men me jobbar slik at mange fleire menneske er involvert i prosessane rundt laget. Spesielt knytt til Uefa-ungdomscupen, då dette krev ein del meir planlegging og gjennomføring enn ordinært seriespel, seier leiar for Glimt-akademiet, Olav Øverli.
NRK-kommentator Saltvedt seier Glimt prøver, men at dei heng kraftig etter Viking når det gjeld satsing på dei unge talenta.
– Og eg trur det smertar, sjølv om dei neppe vil innrømma det. Det begynner å bli lenge sidan dei fekk opp stortalent som Håkon Evjen, Patrick Berg eller Jens Petter Hauge, og dei veit det nok altfor godt.
Viking sitt juniorlag blei NM-meistrar fredag kveld etter å ha slått Rosenborg 1-0 på Nye Nadderud stadion.
Tysdag klokka 11 møter Bodø/Glimt-juniorane LASK på heimebane, medan Viking-juniorane møter Atlético Madrid i Madrid onsdag klokka 16. Begge A-laga har kveldskampar mot dei same laga.
Publisert
Oppdatert


