Etter siger mot Byåsen er Sola seriemeistrar i handball.
Sola måtte berre vinne ein av sine tre siste kampar for å sikre seg seriegullet.
Og med ein 27–18 siger i Trondheim er det heile avgjort.

Det har vore ein spesiell sesong for Herrem, som har spelt for Sola samstundes som ho har vore gjennom cellegiftbehandling for brystkreft.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
For superveteran Camilla Herrem blei kvelden i Trondheim det endelege punktumet for ei jakt som har vart i to tiår.

Sola vann med ni mål over Byåsen i Trondheim i kveld.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
Ho har vunne 11 gull i OL, VM og EM, men ho har aldri vunne den norske eliteserien.
For Herrem skjer det også i same sesong som ho har gjennomgått cellegiftbehandling for brystkreft.
– Eg veit jo at folk er livredde for å snakke høgt om seriegull, og for å «jinxe» det. Men alt i alt så må vi stole på oss sjølv, og på at det vi har gjort fram til no er meir enn godt nok, sa Herrem til NRK før kampen i dag.

Tidlegare denne månaden kunngjorde Camilla Herrem at ho var kreftfri.
Foto: Fredrik Varfjell
– Eg gler meg utruleg mykje, men vi har ein ganske stor jobb å gjere, heldt ho fram.
Berre eitt tap
Sola har berre tapt ein gong denne sesongen. Tapet kom mot Molde 21. desember. Dei andre 22 kampane har enda med siger.
Klubben har vore gjennom ein sportsleg snuoperasjon av dei sjeldne.

Sola har berre opplevd eit tap denne sesongen.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
Sjølv om laget opplevde eit tungt nedrykk til 1. divisjon i 2018, kjempa dei seg tilbake til øvste divisjon.
I 2020/2021-sesongen blei Steffen Stegavik tilsett som hovudtrenar. Allereie i Stegavik sitt første år i trenarstolen klatra laget opp på pallen og sikra bronse, ei bragd dei også klarte dei tre etterfølgande sesongane.

Kristiane Knutsen har levert ein solid sesong for Sola, og er toppskårar for klubben.
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I fjor kunne laget feire sin aller første sølvmedalje. No har satsinga ført laget heilt til topps.
– Sist eit handballag frå Rogaland vann seriegull var i 1998 med Viking. Så det er på tide at vi set Rogaland på kartet igjen, sa Stegavik til NRK før kampen.
– Dette kan bli vårt første seriegull, og mitt første som trener. Det kan også bli det første for Camilla Herrem her i Noreg. Det heng veldig høgt, heldt han fram.
Underskot på 1,5 millionar kroner
Sjølv om Sola no gjer det historisk bra på banen, så slit klubben med eit underskot på 1,5 millionar kroner.
– Grunnen er nok at klubben har drive litt over evne i nokre år no. Det har tatt oss litt igjen i 2025. I tillegg så kostar det å drive ein handballklubb, seier dagleg leiar Siw Tårnes.
Både Larvik og Vipers har i kvar sin periode dominert norsk kvinnehandball, men begge hamna i djupe økonomiske kriser som følgje av sportsleg satsing.
Sistnemnde enda til slutt i konkurs. Sola føyer seg dermed inn i rekkja av norske eliteklubben som slit med å balansere økonomi og toppidrett.

Sjølv om klubben leverer historisk gode sportslege resultat, kjempar dei samstundes mot eit underskot på 1,5 millionar kroner.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Tårnast er likevel ikkje bekymra for at det same skal skje med Sola.
– No har vi ganske mange lokale spelarar. Vi har ein policy om at vi ikkje skal hente inn dyre spelarar, og Steffen er veldig klar på at dette skal vi klare oss med regionale, eventuelt nasjonale spelarar. Så vi er langt frå ein Viper -situasjon, seier Tårnes.
Publisert
Oppdatert


