Samfundets skole er ein liten skule som har vekt stort engasjement.
Skulen med i overkant av 250 elevar har fått eit pålegg frå Utdanningsdirektoratet om å endre si undervisning på fleire punkt.
Mellom anna undervisninga om homofilt samliv.
– Eg synest vedtaket frå Utdanningsdirektoratet er djupt problematisk, seier Joel Ystebø, stortingsrepresentant frå KrF.
Besøkte skulen
Samfundets skole har avdelingar i Egersund og Kristiansand og tek imot 49 millionar i statsstøtte.
Ystebø var fredag på skulen i Egersund.
– Det offentlege har pålagt kva ein grunnskule skal formidle om si teologiske overtyding. Det opplever eg som unorsk og i strid med heilt grunnleggande fridomsprinsipp, seier Ystebø.
Han er berre ein av fleire som har engasjert seg med støtte til Samfundets skole.

KrF-politikar Joel Ystebø meiner vedtaket frå Utdanningsdirektoratet er djupt problematisk.
Foto: Erik Waage / NRK
Omfattande tilsyn
Samfundets skole har eit konservativt bibelsyn. Noko av det som har skapt dei sterkaste reaksjonane er skulen si undervisning om homofilt samliv.
I ei lærebok for sjuande trinn blir homofilt samliv omtalt som synd som grip meir og meir om seg.
I same kapittel er det sitert frå Det gamle testamentet der homofili blir omtalt som ei avskyeleg gjerning og at «Dei skal døy».

Utdanningsdirektoratet meiner skulen underviser om sambuarskap og homofili på ein måte som er diskriminerande og stigmatiserande. Dei støttar seg då på både undervisningsmateriell og intervju med elevar og lærarar.
I vedtaket frå 2025, står det: «Dere må sikre at lærarane ikkje formidlar at det er gale å vere homofil og leve i et homofilt samliv».
NRK veit ikkje om skulen i Egersund brukar denne boka.
Rektor ved Samfundets skole i Egersund Yngvar Hetland seiar at dei har starta ein gjennomgang av lærebøkene i kristendom.
– Vi prøvar å forbetre og endre innhaldet i lærebøkene i tråd med tilsynet, seier Hetland.
– Kva konsekvensar får det for skulen om de mistar statsstøtta?
– Eg trur ikkje det går an å drive ein privatskule i Noreg i dag utan statsstøtte.
– Den er de avhengige av?
– Det er vi heilt avhengig av.

Rektor ved Samfundets skule i Egersund seier at dei følar seg sett i bås, og at kritikken opplevast urettvis.
Foto: Erik Waage / NRK
Tok kontakt
Samfundet skole har klaga på vedtaket og saka har engasjert sterkt på begge sider.
I svaret til Utdanningsdepartementet når det gjeld undervisninga om homofili, skriv skulen følgjande: «Når Udir konkluderer med at skolen ikke kan undervise i hva skolen oppfatter som Bibelens syn på samlivsetikk, oppstår en prinspielt vanskelig situasjon- som gjør det nødvendig å påklage tilsynsrapporten».
Solveig Gjesdal er generalsekretær i Skeivt Kristent Nettverk og håpar at vedtaket frå Utdanningsdirektoratet blir ståande.
– Det er eit avgjerande skilje mellom det å undervise at det er ulike syn på samliv og det å formidle at det å vere skeiv er mindreverdig eller syndig. Det siste kan få store konsekvensar for eleven sin tryggleik og sjølvforståing. Det kan også få helsemessige konsekvensar.

Skeivt Kristent Nettverk meiner engasjementet frå konservativ side er trist. Dei besøkte i mai statssekretær i Kunnskapsdepartementet Øyvind Jacobsen (Ap). Til høgre: organisasjonsrådgjevar Liv-Iren Westnes og generalsekretær Solveig Gjesdal.
Foto: Privat / NRK
I slutten av mai møtte dei statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Øyvind Jacobsen (Ap).
– Vi ville vise at det er ulike syn i denne saka og at vi støttar vurderinga som Utdanningsdirektoratet har gjort, seier Gjesdal.
Får støtte
Men Menigheten Samfundet får også støtte.
Både den katolske kyrkja og kristne organisasjonar utanfor den norske kyrkja har teke kontakt med Kunnskapsdepartementet. Dei meiner staten går for langt i å pålegge ein kristen skule kva dei skal undervise.
– Dersom vedtaket blir ståande, inneber det prinsipielt at eit trussamfunn kan bli nekta å undervise i tråd med eiga lære og overtyding. Dette utfordrar sentrale rettar knytt til både religionsfridom og ytringsfridom, seier Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon.
Han uttalar seg i ein e-post fredag.
I tillegg har altså politikarar på Stortinget engasjert seg. Joel Ystebø meiner kristne skular klarer å formidle «klassisk kristen teologi» på samliv utan at det verkar fordømmande.
– Skulen har her brukt lærebøker der bibelvers om at homofile «skal døy» er med. Skal ein skule kunne formidle det til barn?
– I Bibelen står det mykje om desse spørsmåla som kan vere krevjande, men som mange skular og trussamfunn rundt om i landet formidlar på ein klok måte. Her må vi vere prinsipielle og verne om trus og ytringsfridomen og så er friskulane ansvarlege for å formidle dette på ein god måte.
Stor verdikonflikt
Solveig Gjesdal i Skeivt Kristent Nettverk omtalar engasjementet frå konservativ side som «trist»,
– Eg skulle ynskje dei hadde eit større engasjement for å skape tryggleik og skjerme dei skeive barna.
Saka viser også kor stor skilnad det er mellom Venstre og KrF i verdispørsmål. Ingvild Wetrhus Thorsvik er andre nestleiar i Venstre og tidlegare stortingsrepresentant frå Agder.

Nestleiar i Venstre Ingvild Wetrhus Thorsvik meiner skulen ikkje står fritt til å fortelje barna og elevane kva som er rett og gale.
Foto: Ingrid Kjelland-Mørdre / NRK
– Skulen står fritt til å fortelje at det finst fleire syn på dette, men dei står ikkje fritt til å fortelje barna og elevane kva som er rett og kva som er gale, seier Thorsvik.
Ho meiner og at barna sine rettar må alltid komme først.
– Dei har rett til et skulemiljø og ei undervisning der dei ikkje blir diskriminert.
Fekk gjennomslag
Samfundets skole har fått ei rekke andre pålegg etter tilsyn frå Utdanningsdirektoratet og har retta seg etter fleire av desse. Men det står altså att spørsmål der dei ikkje vil gje seg.
NRK har vore i kontakt med rektor ved Samfundets skole i Kristiansand, Brynjulf Korsmo, og spurt om læreverket for sjuande trinn framleis er i bruk. Han ynskjer ikkje å uttale seg no.
Han opplyser om at dei er i dialog med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og at målet er å lukke avvika som er påpeikt.
Publisert
Oppdatert


