I dag må pasientar i snitt vente i om lag fem og ein halv månad på behandlingane som blir omfatta av ordninga.
No set regjeringa eit langsiktig mål:
Pasientar skal normalt vere i gang med eller ha fått behandling innan 60 dagar frå tilvisinga er mottatt.
– No set vi eit mål om at pasientar normalt skal ha fått behandling eller vere i gang med behandling innan 60 dagar frå dei får tilvising, seier statsminister Jonas Gahr Støre på ein felles pressekonferanse med helseminister Jan Christian Vestre fredag.
Bonusordning for sjukehusa
For å nå det nye målet blir det rulla ut fleire konkrete tiltak. Desse blir presentert på ein pressekonferanse fredag morgon:
- «Mitt sjukehusval» blir enklare
Vestre lovar i dag at det skal bli enklare å kunne velje behandlingsstad.
Med den nye løysinga skal pasientar med nokre få tastetrykk kunne velje behandlingsstad mellom offentlege sjukehus, og dessutan ideelle og private aktørar som har avtale med det offentlege. Dei fleste behandlingar skal inngå, og utbygginga startar straks.

Helseminister Jan Christian Vestre saman med statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Gjennom denne omlegginga må sjukehusa sette opp pasientar på første ledige time og ho må komme raskt, i staden for å sette opp pasientane nær datoen for å unngå fristbrot, slik praksis ofte er i dag
Endringa blir innført i alle helseføretak frå denne hausten.
- Digitalt timebyte på Helsenoreg
Dersom den oppsette timen ikkje passar, slepp pasientar snart å sitte i telefonkø for å finne ny ledig time.
Ein ny kalenderfunksjonalitet blir rulla ut på Helsenoreg i løpet av 2026 og 2027, slik at ein enkelt kan endre timen sin digitalt.
- Bonusordning for sjukehusa
For å få unna køane blir også tatt økonomiske verkemiddel i bruk. Det blir innført nasjonale insentivordningar der sjukehus som tar unna fleire behandlingar enn vanleg, får utbetalt ein rein bonus.
Helse Vest har allereie tjuvstarta med ei ordning for auka operasjonsaktivitet, der sjukehusa får ei auka betaling på om lag 40 prosent.
Dei andre regionale helseføretaka startar innføringa av liknande bonusordningar allereie i sommar.
Store forventingar
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre har store forventningar til dei nye tiltaka.

– Når vi når det nye målet om behandling innan 60 dagar, vil det vere eit før og etter for norske pasientar, seier Vestre.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
– I Noreg skal vi ha helse- og omsorgstenester i verdsklasse. Derfor må vi sikre at alle pasientar får hjelp innan rimeleg tid og ikkje blir ventande for lenge. Ventetidsløftet har gitt svært gode resultat, og gjennom det nye ventetidsmålet tar vi no dei neste store stega, seier Vestre.
Ministeren rettar samtidig ein takk til dei tilsette i sektoren:
– Eg vil anerkjenne den store innsatsen helsepersonellet gjer for å gi god og rask behandling. Når vi når det nye målet om behandling innan 60 dagar, vil det vere eit før og etter for norske pasientar.
– Ei føresetning for å få til desse reformene, er partssamarbeid og involvering på alle nivå i tenesta vår. Tilsette, og tillitsvalde skal få ta ein del i alle avgjerder om gjeld dei.
Publisert
Oppdatert


